Picasa

Tankar etter tjuande dag jul

Berre eit tre ...

Tjuandedags-Knut jaga jula ut i går, 13. januar. Vi plukka av lys og anna pynt på juletreet og elles i huset. Det vart ekstra trist å kaste ut treet i år, for det såg ikkje ut til å vere klart for oppkutting.

Det trassa alle spådommar og trudde på eit liv etter jul!

Men slik gjekk det ikkje. Dagane var talde.

Frå verandaen kan det med triste hangande greiner sjå på -


-  selja


-  eller furua


-  eller denne bjørka. 


Alle frys, men dei lever vidare og ser fram mot ein ny vår. Juletreet kan i beste fall gje glede og varme frå seg ei kort stund til.


-  ooops, dette vart kanskje mykje frå eitt juletre. Det er visst older også. men det vermer ...... , og snart står nye store, stolte tre for fall for å ruste oss til ein ny vinter. Vedhoggaren ser seg ut nytt juletre og sirkelen er slutta.


Tekst/foto: OleT