Bøfjorden Sjøbruksmuseum melder:

Båtbok og sjømiddag

Søndag 6. august er Einar Oterholm gjest på Bøfjorden Sjøbruksmuseum med biletkåseri om skipsbygginga på Kleivset. Kjøkenet serverer husets populære fiskesuppe.

Oterholm tek utgangspunkt i si ferske bok «Kleivsetsjyn og Plassasjyn – Historie og båtar". Tresifra tal nybygde skuter og mange ombyggingar viser at også sørsida av Skålvikfjorden har vore eit kreativt sentrum i norsk skipsbygging.

Med interessante foto og fyldig dokumentasjon presenterer Oterholm farty og arbeidsfolk, byggeteknikk og fascinerande historie om utviklinga frå små robåtar til havgåande stålskip. Den ferske boka blir å få kjøpt på museet.

Der er det også middag denne søndagen. Frå kjøkenet serverer Ragnhild, Inger Lise og Randi Museets Fiskesuppe – som vanleg med gode råvarer. Kaffe, bakels og kaker hører sjølssagt med.

Båtbok e Presteskøytene frå BOKA.jpg
Dei berømte «Presteskøytene» vart bygde på Kleivset. (Foto frå boka)

Båtbok f Årsundfjord frå BOKA.jpg
«Årsundfjord» var blant dei mest kjende Kleivsetbygga. (Foto frå boka)

Båtbok b Einar.jpg
Einar Oterholm kåserer frå si nye bok om skipsbygginga på Kleivset.

Båtbok g BOKA.jpg

Båtbok d Randi.jpg
Randi Bøe har si eiga oppskrift på «Museets Fiskesuppe».

Båtbok h Museets Fiskesuppe.jpg

2017 08 06 Plakat Museet (1).jpg

 

Bøfjorden Sjøbruksmuseum er medlem av Trollheimsporten.