bøfjorden oppvekssenter

Avslag for privatskule i Bøfjorden

Utdanningsdirektoratet avslår søknaden frå Bøfjorden skule om å få starte privatskule frå komande haust. Det skriv Driva i dag.

Styreleiar John Heggem dy er ikkje spesielt overraska over avslaget da dei tidlegare har fått avslag på søknaden om å få starte privat skule inneverande skuleår. Bakgrunnen for søknaden er som kjent det kommunale vedtaket om å legge ned den offentlege skulen i Bøfjorden og flytte elevane til skulen i Bæverfjord.

Kommunestyret i Surnadal rådde direktoratet til å seie nei til søknaden frå Bøfjorden som ønskte å opprette ein privat kristen skule med hovudvekt på uteskulepedagogikk i den eksisterande skulebygningen.

Les meir om dette i Driva: Nytt avslag for privatskule