Sommarsesong a FRAMNÆS_690x472

Årsmøte og ny sesong

Bøfjorden Historielag har hatt årsmøte. Heile styret vart attvald og består også komande år av Inge Dønheim, Ragnhild Skrøvset, Inger Lise Heggem, Gunnvald Bøe og Bernt Bøe.

Dertil vart det stort sett attval i alle andre verv. Etter tilbakeblikk på det aktive året 2014 i tekst og bilete drøfta møtet bygginga av naust til kyrkjebåten «Hjelmkonnå». Sjølv om mykje pengeinnsamling står att, er naustet ferdig og blir gjenstand for stor opningsfest søndag 19. juli.

 

Med ansvar for tradisjon og kultur nedfelt i lovverket tok historielaget også opp stadnamnbruken i lokalsamfunnet. Årsmøtet vedtok denne uttalen: «Lokale stad- og terrengnamn må skrivast og brukast i tråd med opprinneleg tyding og med omsyn til både nedarva lokal uttale og normert rettskriving.»

 

Ny sommarsesong på museet

 

Historielaget har planane klare for sin 21. sommarsesong på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Her blir det ope hus med utstillingar, kaffe og fast «Dagens Tema» kvar søndag frå 7. juni til og med 20. september.

 

På temalista står «Okkupasjon og frigjering» 7. juni, «Finn-Thorkel» 28. juni, «Kulturvandring i Slettå» 12. juli og «Sjø og båtliv» med opning av Kyrkjebåtnaustet 19. juli. Einar Oterholm tek 26. juli for seg «Solsteinen» som genialt navigasjonssystem alt i vikingetida. «Fjorddag» med kyrkjebåtroing og sundbåtcruise med «Framnæs» står på programmet 16. august. Helga etter kjem spellmannen og språkeksperten Tor Erik Jenstad med musikk og dialektord.

 

Andre tema gjennom sesongen er «Gamle Surnadalsøra», «Herresetet Aasgaard», lokal ordkunst, glimt frå livet på fiskebåten «Skrøyfa» (100-årsjubileum), «Det Gamle Foto», hobbydemonstrasjon («Aktivitetsdag») og møte med Johan Bojers «Den siste viking» - ved Ruth og Johan Rein frå museet «Staværingen» i Rissa. Datoar for dei siste emna blir kunngjort etter kvart.

 

Ein stor dugnadsgjeng er i gang med tilrettelegginga av temaopplegg, kjøkenteneste og andre praktiske oppgåver. Ny utgåve av dialektheftet «Teft og tykkje» blir trykt til sesongopninga.

 

Bildet øvst viser sundbåten «Framnæs» som blir hovudattraksjon på Fjorddagen 16. august. (Foto: Bernt G. Bøe)

Sommarsesong b Oterholm & Jenstad Foto todalen.no_690x430.jpg

Einar Oterholm (t.v.) og Tor Erik Jenstad er kåsørar kvar sin søndag – 26. juli og 23. august. (Foto: todalen.no)

Sommarsesong c Thorkel og Sigrid Foto Hemne Bygdemuseum_690x1101.jpg

Egil Snekvik fortel om reinsamen Finn-Thorkel 28. juni. Her er Thorkel saman med kona Sigrid. (Fotoeigar: Hemne Bygdemuseum)

Sommarsesong d STORMEN Den siste viking Axel Revold NRolfs bd4_690x870.jpg

Ruth og Johan Rein presenterer diktaren Johan Bojer og «Den siste viking». (Teikning av Axel Revold: «Stormen»)

Sommarsesong e Teft og tykkje BGB_600x675.jpg

Leiar Bernt G. Bøe i Bøfjorden Historielag legg fram ny utgåve av dialektheftet «Teft og tykkje» på opningsdagen 7. juni. (Foto: Randi Vetleseter Bøe)