alf dypbukt, maren svanem, espen vraalsen, guro ranes og jens nervik

Aksjonerte mot budsjettkutt

Lærarar og tilsette ved Surnadal vidaregåande skole aksjonerte måndag mot det dei opplever som uakseptable kuttforslag i fylkesrådmannen sitt budjsettforslag for 2020. – Dette er ikkje eit våpen vi brukar ofte, og det er første gongen vi aksjonerar mot kuttforslag på fylkesnivå, seier hovudtillitsvalt Alf Dypbukt.

Ingressfoto: Hovudtillitsvalt Alf Dypbukt (f.v.), Maren Svanem, Espen Fougli Vraalsen, Guro Ranes og Jens Nervik reagerer på kuttforslaga.

– Vi aksjonerer mot dei store budsjettkutta som ligg i forslaget frå fylkesrådmannen. Det går på kutt av linjer, som bygg og anlegg i Surnadal, og potensielle nedleggingar av vidaregåande skular. Utdanningsforbundet kan ikkje godta kutta som er lagt fram, sa leiar i Utdanningsforbundet Surnadal, Jan Terje Moen, då han torsdag varsla protestaksjon ved Surnadal vidaregåande skole.

Han gjekk vidare til angrep på det han meiner er sentraliseringspolitikk frå fylkesrådmannen si side.

Måndag klokka 14.00 vart aksjonen sett i gang. 33 tilsette tilknytta Utdanningsforbundet eller Unio la ned arbeidet og gjekk frå arbeidsplassen sin. Fem lærarar, som ikkje er organisert i desse to forbunda, heldt fram arbeidet.

Elevane, som hadde starta time ti minutt tidlegare, fekk beskjed om å forlate skulen, etter at dei først fekk forklart grunnane til protestaksjonen.

Aksjonen vart starta av utdanningsforbundet på fylkesnivå, og tilsette ved alle dei vidaregåande skulane i fylket er oppmoda til å bli med.

Lærar Espen Fougli Vraalsen seier at dette var ein enkel aksjon å stille seg bak.

– Aksjonen er ein reaksjon hovudsakeleg på omfanget av kuttforslaga, seier han, og legg til:

– Det at det er foreslått kutt er i seg sjølv ikkje veldig overraskande, og vi forstår at også utdanningssektoren må bidra i den komande perioden, som nok vert beintøff for fylkesøkonomien. Likevel: kuttforslaga involverer og går ut over så mange plassar og personar, og det gjer at vi ikkje kan akseptere omfanget.

Alf Dypbukt er hovudtillitsvalt, og dermed streikeleiar, ved Surnadal vidaregåande skole. Han fortel at protesten er nødvendig, og at gode linjetilbod og ein god vidaregåande skule er viktig, mellom anna for å få folk til å ville flytte til bygdene. 

– I løpet min relativt lange karriere her på skulen, har vi hatt liknande aksjonar ein eller to gonger før. Dette er ikkje eit våpen vi brukar ofte, og det er første gongen vi aksjonerar mot kuttforslag på fylkesnivå. Tidlegare har det vore i samband med statlege saker, seier han.

Dypbukt dreg, saman med Einar Sødergren, Johan Almås og Marit Øyen Saltrø, til Molde for å delta i ei protestmarkering som vert arrangert der måndag ettermiddag.
 

Utdanningsforbundet, ved Klubben ved Surnadal vidaregåande skole, skriv i eit informasjonsskriv, som og vart delt ut til elevane, dette om grunnane til aksjonen:

"Lærarar og andre som er organiserte i Utdanningsforbundet legg ned arbeidet i dag klokka 14.00 og ut dagen.

Vi vil på denne måten protestere mot Fylkeskommunen sitt budsjettforslag som inneheld store kutt i løyvingane til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal.

Mange tiltals lærarar i fylket vil miste arbeidet sitt.

Elevane vert ramma gjennom at studieretningar vil bli lagt ned eller samla til andre skolar og at klassane vert større. Tilbod på skolen vår står også på lista over studieretningar som kan verte lagt ned."

einar sødergren, alf dypbukt, johan almås og marit saltrø.jpg
Einar Sødergren (f.v.), Alf Dypbukt, Johan Almås og Marit Øyen Saltrø klare for å ta turen til Molde for å delta i protestaksjon der.