Adventskonsert i Stangvik

Stangvik Jentekor får med seg Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor og lagar adventskonsert i Stangvik kyrkje tysdag kveld. Korsong, allsong, legender og eit lite krybbespel set førjulstida i fokus.

Sentralt står julesalmen «Fra himlen høyt» - som Marrtin Luther laga som krybbespel for familien. Den får ei enkel dramatisering på konserten.

Vidare syng jentene og vaksenkoret både kvar for seg og saman. Nye juleviser og kjente hymner står på programmet – mest henta frå vår nye salmebok. Difor blir det også mykje allsong.

Randi Vetleseter Bøe er kveldens tekstlesar.

Konserten startar kl 19.30.

Stangvik Jentekor er hovudaktør på adventskvelden. Her saman med koristar frå Todalen og Åsskard:

001 Adventskonsert a FELLESKOR_690x441.jpg

Elise, Ida, Oda, Liv, Liv Margit og Mette lagar krybbespel av salmen «Fra himlen høyt»:

002 Adventskonsert MONTASJE (1)_690x749.jpg

004 PLAKAT ADVENTSKONSERT Stv 2014 12 09_690x1043.jpg