laksestart fangst_250x167

56 laksar første veka

Første veka av årets laksesesong i Surna er unnagjort, og i løpet av desse dagane vart det landa 56 laksar med ei totalvekt på 370,8 kilo. Henning Jensen (bildet) vart ein av dei som sikra seg fangst allereie 1. juni.

Årets laksesesong starta på tradisjonelt vis ved midnatt natt til 1. juni med hornmusikk og rakettoppskyting ved Brekkøya.

Men det vart ikkje landa laks før utpå føremiddagen - da vart det til gjengjeld mange gode fangstar, og klokka 13.30 den første fiskedagen var det registrert teke totalt ti laksar og ein aure. Danske Henning Jensen var storfornøgd med laksen på nærare sju kilo som vart landa i 13-tida ved Holtevaldet ved Øye.

Årets første laks var det settemsdalingen Olaf Solem som fekk ved Brekkøya i føremiddagstimane. Til applaus frå fiskekompisar som fulgte arminga fra andre sida av elva, kunne han etter eit kvarters tid vise fram det handfaste resultatet: Ein fin sjukilos laks, teken på sluk.

Fangststatistikken på surna.no viser at sjølv om ingen får ta meir enn to laksar per vekke og fiskestarten i år ikkje kom på helg, vart det teke 56 laksar i veke 22. Til denne statistikken manglar det berre resultata frå ei sone. Til samanlikning vart det teke 60 laks første veka i sesongen 2009.

23 av laksane som vart landa første veka i år, var over sju kilo. For dei som har rapportert om agn, vart fordelinga slik: Sluk - 21 stk, mark - 16 stk og flue -15 stk.