Oppstilt alvor

– Vi er heilt avhengige av den lokale ungdommen

Etter fylkesrådmannen sitt forslag om å legge ned bygg og anlegg-linja ved Surnadal vidaregåande skole, fryktar produksjonsleiar Arve Ervik i Talgø MøreTre at det i framtida vil by på store utfordringar å få tak i folk med god nok fagkunnskap.

Ingressfoto: Produksjonsleiar Arve Ervik (f.v.), produksjonsmedarbeidar Ove Rodal, lærling Gaute Blekken, tidlegare lærling Liv Hoås og lærling Edin Bjerkelund Ranes tykkjer ikkje noko om at fylkesrådmannen foreslår å legge ned bygg og anlegg-linja ved Surnadal vidaregåande skole.
 
Talgø MøreTre har teke inn ni lærlingar i løpet av dei siste fem åra, alle med bakgrunn frå Surnadal vidaregåande skole. Desse har alle vore verdifulle, kjærkomne tilskot i produksjonen, som har vorte stadig i større, i takt med selskapet sin eksplosive vekst.

For fem år sidan, i 2014, hadde Talgø MøreTre nemleg ei omsetning på snaue 186,4 millionar kroner, medan talet i 2018 var på 425,9 millionar kroner. Den positive utviklinga held og fram i inneverande år, der Talgø MøreTre etter alt å dømme passerar ein halv milliard kroner i omsetning.

Meir salg og høgare omsetning betyr og at det trengs mange folk i sjølve produksjonen.

– Vi har vakse kraftig, og har planar om å vekse vidare. Då treng vi folk med fagkunnskap, seier Arve Ervik.

Han er produksjonsleiar for elementavdelinga, og får raskt støtte av produksjonsmedarbeidar Ove Rodal:

– Vi har stor nytte av lærlingane, og det er viktig at ungdommane får sjå kva vi held på med ute i bedriftene. Skal vi ha ein oppegåande fabrikk er vi avhengige av kunnskap og kompetanse. Så sjølv om det enkelte år kan vere få elevar på byggfag, er kvar og ein av dei viktige for oss.
 

– Går baklengs inn i framtida

Duoen er difor sterkt kritiske til fylkesrådmannen sitt forslag om å legge ned bygg og anlegg-linja ved Surnadal vidaregåande skole.

– Vi har over 200 snekkarstillingar i dalføret, så at ein i det heile tatt spekulerer på å legge ned bygglinja er heilt meiningslaust, seier Ervik, og fortsett:

– Det er å gå baklengs inn i framtida. Yrkesfaga er blant dei viktigaste linjene vi har. Eg skjønnar at dei har eit budsjett å forhalde seg til, men etter mi meining kuttar dei på heilt feil plass. Ein kan ikkje kutte for dei som skal skape verdiar i nærområdet i framtida, då kuttar ein dobbelt.

Produksjonsmedarbeidar Kristian Gjeldnes skyt inn:

– Blir det ikkje rekruttering blir det mykje stupular til slutt.

Ervik rosar samarbeidet Talgø MøreTre har med Surnadal vidaregåande skole og Indre Nordmøre Opplæringssenter.

– Vi har eit fenomenalt samarbeid, og ein kjempegod dialog. Det er vi glade for, seier han.

Ove Rodal er og klar på kor viktig det er å bevare linja.

– Vi er så mange store byggfirma rundt her, at det er kjempeviktig å ha byggfag. Eg forstår ikkje at det ikkje skal vere muleg. Berre her hos oss har vi seks arbeidstakarar som nærmar seg pensjonsalder, så det vil vere eit stort behov for folk med rett kompetanse, seier han.

Ervik og Rodal har ingen tru på at tilgangen på lærlingar vil verte den same når Sunndal blir næraste skule med bygg og anlegg-linje. Dette til tross for at Rodal sjølv gjekk bygg og anlegg nettopp på Sunndalsøra, før han vart lærling i Surnadal.

– Eg veit ikkje om nokon, andre enn meg sjølv, som har gjort det same. Eg har ikkje tru på lærlingar derifrå, det verkar som om ferja blokkerar mulegheitene, og gjer terskelen kjempehøg, seier Rodal, medan Ervik legg til:

– Vi får ikkje henvendingar frå potensielle lærlingar frå Sunndal, Kristiansund eller Orkanger. Ingen.

Han trur ei eventuell nedlegging vil føre til at bedriftene må hente arbeidskraft utanfrå.

– Ja, då vil vi måtte gå utanfor lokalsamfunnet for å finne den fagkompetansen vi treng. Det vil verte store, store utfordringar å få tak i fagfolk, så det kjennes litt ut som om systemet slår beina under oss, seier Ervik.

Arve Ervik og Ove Rodal.JPG
Arve Ervik (t.v.) og Ove Rodal.
 

Ville valt annleis utan bygglinje i Surnadal

Liv Hoås var ferdig som lærlig ved Talgø MøreTre for nokre få veker sidan. Ho byggjer opp under det Ervik og Rodal seier om viktigheita av å ha bygg og anlegg-linje i Surnadal.

– Eg hadde ikkje søkt bygg og anlegg dersom linja ikkje var i Surnadal, for eg ville ikkje ut av bygda. Akkurat det, at det er viktig for veldig mange å bli verande på heimplassen medan dei går vidaregåande, trur eg folk undervurderer, seier ho, og fortsett:

– Det er veldig trist at linja kan bli lagt ned, for eg tykte det var kjempeartig der sjøl. Det er og så mange firma innan denne bransjen i dalføret, at eg trur det vil vere lett for dei som går bygg og anlegg å få seg jobb. Eg har tenkt ein del på dette, og tykkjer det er vanskeleg å komme på gode grunnar for å legge ned linja i Surnadal.

Gaute Blekken, noverande lærling hos Talgø MøreTre, deler Hoås si oppfatning.

– Eg tykkjer ikkje noko om at det er foreslått å legge ned bygg og anlegg-linja. Det er berre tull. Det er ei linje som trengs, den fortener ein betre skjebne, seier Blekken, som legg til at han meiner Johan Almås er verdas beste lærar gjennom tidene, og at berre det burde vere nok til å behalde tilbodet.

– Det er nok fleire enn ein trur, som ikkje vil flytte frå bygda for å gå på skule. Eg hadde definitivt ikkje flytta for å gå bygg og anlegg, seier Blekken.

Liv, Ove, Arve og Edin.jpg
Liv Hoås (f.v.), Ove Rodal og Arve Ervik diskuterer med Edin Bjerkelund Ranes, som er i gang med svenneprøven sin hos Talgø MøreTre.
 

– Må vise ungdommane mulegheitene

Ervik og Rodal håpar på stort engasjement i saka i tida fram til den skal behandlast politisk i fylkestinget.

– Dette er jo til dømes viktig for Rindal og. Mange bedrifter der treng denne kompetansen, og eg vil tru at det kan vere vanskeleg å få tak i alt ein treng av folk frå Orkanger og Trondheim og, seier Ervik, medan Rodal etterlyser engasjement frå fleire byggbedrifter.

– Det er så mange byggbedrifter både her i kommunen og i nabokommunene, men det er ikkje så mange som ropar ut i denne saka, seier han, og får støtte av Ervik:

– Nei, eg tykkjer det er litt trist at ikkje fleire er på bana og flaggar saka. Det handlar om å bevare kompetanse i dalføret, og lærlingane som kjem ut frå denne linja driv med verdiskaping frå A til Å.

Ervik legg til:

– Surnadal er ein kommune med uante mulegheiter både når det gjeld arbeidsplassar og fritid, men vi er prisgjevne at ein god del av ungdommane våre blir i bygda. For å oppnå det er det viktig at dei tidleg får sjå kva mulegheiter dei har lokalt, både når det gjeld utdanning og ute i bedriftene.
 

Arve Ervik og Edin Ranes.jpg
Arve Ervik (t.v.) og Edin Bjerkelund Ranes.