helsereformmøte - Svein Jarle Midtøy_350x217

... men Otnes er fornøgd med stor deltaking på folkemøtet om den nye helsereformen

- Uakseptabelt med ambulansekutt

- Eit redusert ambulansetilbod lokalt er uakseptabelt. Det seier Surnadal-ordførar Mons Otnes, som no sender brev til Helse Midt-Norge i forkant av styremøtet torsdag i tillegg til å ta opp saka med styremedlem Asmund Kristoffersen. Otnes seier til Trollheimsporten at ambulansetilbodet er ein sentral faktor i kvaliteten på helsetilbodet lokalt. Måndag kveld var den nye helsereformen tema under eit folkemøte i Surnadal, der prosjektleiar Svein Jarle Midtøy (bildet) var ein av innleiarane.

Eit arbeidsutval i Helse Midt-Norge går inn for at ambulansestasjonen i Rindal blir flytta til Storås. For både Surnadal og Sunndal er forslaget frå utvalet at den noverande ordninga med to ambulansar på vakt 24 timar i døgnet, skal reduserast slik at det på ettermiddag og natt (mellom klokka 18 og 08) berre er éin ambulanse på vakt.

Dette reagerer Mons Otnes kraftig på. Ordføraren i Surnadal var måndag kveld ein av deltakarane på folkemøtet om den nye helsereformen (Samhandlingsreformen), og han seier ambulansesituasjonen er ein svært viktig del av tenestetilbodet for Surnadal og nabokommunane.

- Tidsbruken i akuttsituasjonar er heilt avgjerande, ikkje minst med tanke på avstanden til næraste sjukehus. Beredskapen må fungere, og forslaget om redusert ambulanseteneste er difor ikkje akseptabel, seier Otnes.

Sjølve folkemøtet måndag kveld i kommunehuset på Skei, er ordføraren godt fornøgd med. Rundt 60 personar var til stades for å bli orientert om Samhandlingsreformen i Orkdalsregionen (SiO), og for å delta i det påfølgande gruppearbeidet der temaet var korleis ein ønskjer at helse- og omsorgstenesta skal vere i 2030.

Saman med kommunane Frøya, Hitra, Snillfjord, Hemne, Agdenes, Orkdal, Skaun, Meldal, Rennebu, Oppdal, Rindal og Halsa, deltek Surnadal i prosjektet der målet er å finne løysingar på utfordringane som Samhandlingsreformen fører med seg. Målsettinga for reformen, som skal starte 1. januar 2012, er "Rett behandling på rett stad til rett tid".

Reformen blir iverksett fordi sjukdomsbildet i Norge har endra seg, mellom anna med livsstilssjukdommar. Før var infeksjonssjukdommar dominerande. Seinare vart det stadig fleire tilfeller av infarkt, medan det no i aukande grad er demens, kols, diabetes, psykiske sjudommar og rusrelaterte problem med meire som dominerer.

- Eldreveksten i landet blir kraftig i åra framover, fortalde kommunalsjef Gunhild Eidsli under innleiinga. - Målet er å styrke det førebyggjande arbeidet, auke kompetansen og skape betre helsetenester med lågterskeltilbod, tverrfaglege team og læring og meistring i fokus.

Folketalet i Surnadal kommune har gått merkbart ned dei siste tiåra, og er no på rundt 5950 personar. Prognosane tydar også på ei kraftig endring i alderssamansetjinga i åra fram mot 2030. Det er venta at folketalet går ytterlegare ned, og særleg i aldersgruppa 20-66 år, altså dei i yrkesaktiv alder. Andelen personar mellom 67 og 79 år vil derimot auke, og framskrivingane tydar på at det i Surnadal i 2030 vil vere rundt 1000 personar i denne aldersgruppa. Aldersgruppa over 80 år vil også utgjere ein større del av innbyggjartalet i kommunen, og det er forventa at talet på personar med demens kan auke vesentleg, frå 116 no til rundt 170 i 2030.

Samhandlingsreformen går ut på at fleire oppgåver vil bli lagt til kommunehelsetenesta. Da dei fleste kommunane i Norge er for små til å ta på seg dette ansvaret åleine, har kommunane i Orkdals-regionen etablert SiO. SiO skal fram mot reformstart utreie samarbeidsformer, prosjekt og idear som kan fungere for å kunne påta seg større ansvar for helsetenestene til dei som bur i regionen.

Strategien i SiO er å vidareutvikle mest muleg i den einskilde kommunen ut frå ei fagleg forsvarleg vurdering. Eit viktig mål er at innbyggjarane skal få fleire spesialiserte helsetenester lokalt, både når det gjeld førebyggjande helsearbeid, behandling og oppfølgjing av kronisk sjuke og eldre.

- Det var gode diskusjonar i gruppene under folkemøtet måndag, seier ordførar Mons Otnes. - Tendensen er klar: Det som er viktig for folk når det gjeld helse- og omsorgstenesta, er førebyggjande arbeid med fokus på mellom anna kosthald, livsstil og trim. Rehabilitering, så nære tilbod som muleg og heimebasert omsorg er også sentrale punkt, fortel Otnes.

Neste folkemøte i Surnadal blir i mars/april, i samband med at det skal leggjast fram omsorgsplan.