2018-02-04

- men Johannes var ikkje der

I dag vart Peder og Jakob døypte i Rindalskjerka og fekk med seg preiketeksta for Kristi Forklarelsesdag der både Peter, Jakob og Johannes var sentrale i lag med Jesus på eit høgt fjell.

Det var Torbjørn Brøske som vikarierte som prest i Rindal kirke denne søndagen, og det var første gong han hadde gudsteneste der. Og dåpsbarna var Peder Nerland Wold og Jakob Steinshamn Fredriksen.

Preiketeksta var frå Markus 9, 2-13, kanskje einaste preiketeksta frå Markusevangeliet, sa Torbjørn Brøske.

 2 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dei opp på eit høgt fjell, der dei var åleine. Då vart han forvandla for auga deira, 3 og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite. 4 Elia synte seg for dei saman med Moses, og dei snakka med Jesus. 5 Då tok Peter til orde og sa til Jesus: «Rabbi, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 6 Han visste ikkje kva han skulle seia, for dei vart så redde. 7 Då kom det ei sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!» 8 Men best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.
    9 På vegen ned frå fjellet forbaud han dei å fortelja nokon kva dei hadde sett, før Menneskesonen hadde stått opp frå dei døde. 10 Dei merka seg det ordet og diskuterte med kvarandre kva det er å stå opp frå dei døde. 11 «Kvifor seier dei skriftlærde at først må Elia koma?» spurde dei. 12 Jesus svara: «Elia kjem først og set alt i rett skikk. Kvifor står det så skrive om Menneskesonen at han skal lida mykje og bli vanvørd? 13 Men eg seier dykk: Elia er alt komen, og dei gjorde med han som dei ville, slik det står skrive om han.»  

2018-02-04 12.07.06.jpg
Jakob Steinshamn Fredriksen med foreldre og fadrar.

2018-02-04 12.09.57.jpg
Peder Nerland Wold med foreldre og fadrar.