IMGP3127

- Det vart nå nå slag

Dette var siste orda til ledarane for hyggekvelden på Torshall i Rindal torsdag kveld. Da hadde dei delt både historier, lysbilde, visesong og Oldtimers med Jim Reeves med over 125 publikummarar.

IMGP3088.JPG

Siste Liveopptak med Jim Reeves var frå ein konsert i Njårdhallen i Oslo i april 1964, få månader før han døde i eit småflystyrt 31. juli 1964. Det var første og einaste konserten Jim Reeves hadde i Norge.

IMGP3104-001.JPG

Ledarane av hyggeprogrammet, Magne Løset og Edgar Kattem entra sena under bilde frå denne konserten. Magne vedkjente seg at han var kronisk samlar av LP-ar med Jim Reeves. Han meinte han hadde 40 skiver, men klarte ikkje å finne meir enn 39.

- Kanskje det er denne du manglar, Magne, sa Edgar og kunne overrekke han den 40. skiva. Han hadde lånt den for 10 år sidan.

Før opptaket frå Njårdhallen vart spela, kunne også Magne Løset fortelle at Lisbet Stenbro, som sat i salen i kveld, også var i Njårdhallen i 1964.

IMGP3090.JPG

IMGP3094.JPG

Så styrte ledarane programmet heimover og til Romundstadbygda og kjendisar derifrå. Sølv hadde Edgar Kattem budd lengre i Bolme no enn i Romundstadbygda. Magne Løset, hadde derimot bodd i Romundstadbygda berre dei to siste åra etter at han fekk vegadresse Romundstadbygdvegen, sa han.

Og kjendisar kunne dei fortelje om.

Først måtte John Neergaard nemnast, bondeguten som vart formannskapslovas far. Han satt på Stortinget i fleire omgangar og arbeidde for å gje bøndene meir politisk påvirkning i den nasjonale politikken. Han har fått minnestein nær plassen han var fødd.

Skiløparen John Røen var OL-deltakar i St.Moritz 1928, og broren Sigurd Røen var verdsmeister i Chamonix 1937 mellom anna. Sigurd mottok Hitlers Ærespris i 1937. Du kan sjå den på Rindal Skimuseum.

Det er berre to rindalingar som har fått minnesmerke, begge er frå Romundstadbygda, John Nergård, som nemnt, og Sigurd Røen som står framom kommunehuset.

Torvald Heggen var ein annan skiløpar. Han fekk også Hitlers Ærespris, ein pris som var produsert i 7 eksemplar og utdelt 5 gonger, og altså to til Romundstadbygda.

Mikal Kirkholt var med på stafettlaget som vann sølvmedalje i OL 1952, og Reidar Helgetun var med i OL-troppen til Cortina i 1956.

Løset tok også med «halve» romundstadbygdingar.

Olav Storli Ulvund, fjellklatrar/sivilingeniør, var med på den første norske bestigninga av Mount Everest via NNØ-ryggen frå Tibet 17. mai 1996.

Torger Nergård, curlingspelar, var med under OL i Vancouver 2010 på laget som tok sølvmedalje, og vart verdensmester i Beijing i 2014.

Med friske kommentarar gjekk programledarane vidare, for det var kvinner blandt kjendisane også.

Mor til Marie Hamsun kom frå Yttgarden på Romundstad. Ho vart gift med Nobelprisvinnaren Knut Hamsun. Før det var ho forfattar og skodespelar.

Den sist fødde på garden Kroken på sørsida av Rinna var Marit gift Ytrelid. Dotter hennar, Solveig, vart gift med diktaren Jakob Sande (mannen bak «Det lyser i stille grender»).

Den siste som vart lista opp var Astrid Krog Halse som også stammar frå garden Kroken. Husfar i Torshall, Karstein Mauset, har tonesett fleire av dikta hennar.

IMGP3096.JPG
Karane minte oss deretter om ein meir lokal kjendis, Oluf Tortli’n. Det går mange historier om han. Edgar fortalte nokre av dei og viste bilde frå gamle dagar mest frå Romundstadbygda, men også frå andre deler av bygda. Somme i salen kunne til og med kjenne seg igjen.

IMGP3111.JPG
Etter ein solid kaffepause fekk vi friske viser med Gøran Bolme, ei avdeling som ikkje let seg referere, berre oppleve! Som "øversurndaling" sparka han friskt både oppover og nedover dalen i viser og kommentarar. Det var truleg som orsaking at han bekjente at han hadde eit stamtre " - som æn nyfrisert almpil!"

IMGP3113.JPGIMGP3122.JPG

IMGP3128.JPG

Etter nokre forteljingar om gammellensmannen Fredrik Løset, bestefar til Magne Løset, avslutta Oldtimers kvelden med ei Jim Reeves- avdeling. Ingebrigt Landsem, Jim Reeves for kvelden, fortalte at det no var berre i Bøfjorden og på «Hjemma» at dei spelte desse songane,

- så det sjer ut som at det må vårrå tomt på hjæmma e kveld, sa Ingebrigt.

Vi fekk eit sett på fem Jim Reeves-songar flott framført med Ingebrigt som Jim og gitarsoloar frå Einar Lillegård. Dei to har spela saman i 44 år. Magne Lillegård tok seg av slagverket, og denne kvelden hadde dei med seg Karstein Mauset på gitar.

Bandet hausta stor applaus.

Vi seier oss samde med uttalen frå programleiarane til slutt -

- Jau, det vart nå nå slag.

Nedafor ser du nokre av platene til Magne som var utstilte.

2018-03-15 20.00.57.jpg

2018-03-15 20.01.02.jpg

2018-03-15 20.01.12.jpg