Jarle Halgunset Bilde%2016 (2)

Viss du tenker på sykkeltur ...

- No er årets sykkeltur avslutta, og eg er på veg heim til Ryfylke att, seier Jarle Halgunset på telefon frå Trollheimsporten. Han er på Værnes og ventar på Stavangerflyet etter å ha sykla frå Erfjord til Børsa der sonen hans bur. Siste natta på turen overnatta han på Rindalsskogen. (Foto frå Suldalsposten) + nye bilde!

Jarle er skogbøgg, oppvaksen på Solstad ved Skogen skule, og der har han sommarhus. Han kom dit etter den lengste dagsetappen på sykkelturen. Den dagen starta han seint om formiddagen på Dombås etter ein sykkelreparasjon. Han vart litt hefta av nokre moskusar som bad om å bli fotografert .... Dermed vart det seinkveld før han kom til Rindalsskogen.

Turen var lettare enn han trudde, men han hadde trena på sykling på førehand.

Du kunne lese om sykkelturen frå Rogaland i papirutgaven av Sør-Trøndelag onsdag. Dei hadde møtt han på Orkanger. Suldalsposten hadde dette oppslaget på nettsidene sine.

Trollheimsporten kjem tilbake med meir bilde frå denne turen! Du som følger med, får sjå!

Bildet er henta frå Suldalsposten og er teke i Sand i Ryfylke.

Vel heime i Erfjord, sendte Jarle Halgunset desse to bilda frå turen:

Dette er frå ein gang- og sykkelsti på Vestlandet. Gammelvegen utanom tunellen er ikkje prioritert av vedlikehaldet!

Trudde at han skulle få seg ein god kopp kaffi og noko godt attåt etter å ha "klatra" opp frå Garen oppom Vøringsfossen til Hardangervidda, men det var stengt enno!
Da vart det niste og medbrakt kaldvatn istaden (medbrakt pga lemenår), skriv han. Seinare vart det hjortekjøtkaker på Halne. Da vart det spreke legger.