tp_leserinnlegg

Vi treng Rindal og Halsa med på laget

I avisa Driva den 28. februar kjem det fram ulike meiningar om Rindal kommune si orientering mot Trøndelag.  Som innbyggar i nabokommunen Surnadal, bør eg kanskje ikkje blande meg inn i den debatten.  Likevel vil eg gje til kjenne at eg som Surnadaling og tidlegare ordførar i Surnadal (1976-1983) synest det er trist å oppleve at Rindal vel å bryte ut av fylket Møre og Romsdal og orientere seg inn i storfylket Trøndelag.  Det same gjeld for så vidt Halsa kommune. Eit mangeårig samarbeid på mange område mellom desse tre kommunane vert då også brote.

I staden for å vikle meg inn i den lokale debatten i Rindal og meiningsbrytingane der, vil eg heller spørje administrativ og politisk leiing i Møre og Romsdal: Har fylket Møre og Romsdal som no vert eit lite fylke, råd til å miste desse to Nordmørskommunane?Eller ser De berre fylket ut i frå Storgata i Molde og Moa i Ålesund?

Trass i eit heller lite folketal i både Rindal og Halsa, rår desse kommunane over store naturressursar av  stor verdi for landsdelen. Mellom anna gjennom kraftutbygginga i Trollheimen og Svorka, vert storsamfunnet tilført store mengder energi bygd på vasskraft. Kommunane og lokalsamfunna på si side har hatt og har store inntekter av dette.

Når det gjeld jord- og skogbruk har Rindal på mange måter vore ein foregangskommune, mellom dei beste i fylket, og langt framme i nasjonal målestokk.  Dei naturgjevne ressursane vert haldne i hevd og  nytta på ein framifrå måte. Det same kan det seiast om Halsa.  Båe dei to kommunane som orienterer seg nordover, har eit aktivt næringsliv, der evnen til omstilling og nyorientering er til stades.  Lokale ressursar og lokale initiativ har vore bærebjelken og fundamentet for denne utviklinga.

Så til spørsmålet som eg vil rette til fylket si leiing, både den politiske og administrative. Ser De ikkje kva viktig del av fylket vi  er i ferd med å miste? Kva initiativ er det teke for å halde det noverande fylket samla?  Ut i frå det eg har fått med meg via media, har det sett ut som om det har vore større interesse for å flytte fylkesgrensa sørover , enn  å halde fylket samla.

Etter mi meining er det ikkje Rindal og Halsa åleine som må skuldast for at Møre og Romsdal kan bli eit mindre fylke og ei mindre ressurssterk politisk og administrativ eining.

Møre og Romsdal treng både Rindal og Halsa med på laget for ei god og balansert utvikling av fylket og landsdelen. Skulle det likevel gå slik at kommunane Rindal og Halsa går over til Trøndelag, vil eg seie det så sterkt at det er eit amputert Møre og Romsdal som humpar inn i framtida. Kvar har administrasjonen og politikarene i fylket vårt vore og kva har dei gjort for å unngå dette?

1 1964 var det to stortingsmenn som braut ut og berga Rindal som eigen kommune! Må vi denne gongen sette lit til at det er Stortinget som til sjuande og sist bergar i land eit samla Møre og Romsdal?

Surnadal 5. Mars 2018

Nils Magnar Torvik