Barnehage bilde 85_1024x1369

... og Foseide fekk gratis mat i eit år

Ungar fekk hjelp av barnehagane...

Denne gongen har Willy funne fram to artiklar frå Driva i 1985 i Willys arkivdykk - som du finn På Porten når du er på Hovedsida. Åtte ungar i Afrika og Asia fekk hjelp av barnehagane i Rindal (bildet), men noko av pengane hadde kome bort? Same året vann familien Foseide i Rindal gratis mat for heile failien i eit år. Det var i Norges kanskje mest originale lotteri - landslotteriet til Framtiden i våre hender. Les reportasjene og sjå bilder:

Åtte ungar i Afrika og Asia fekk hjelp frå barnehagane i Rindal og 12. februar 1985 var ein sjokkeert over at nokon kunne ta av desse pengane. Les om dette over (teksta) og til høgre ser du faksimile frå overskrifta med bilde. Under se du bildet større om du trykker på det. Litt fargeblast har det blitt denne gongen, men vi ser Roar Bolme og Mona Bolme legge pengar til adopsjonsungane på bøsse, mens Liv Jørstad passar på.

Alt dette stoffet finn du på Willys arkivdykk under På Porten når du er på Hovedsida.

Under kan du lese om familien Foseide, som vann i Norges mest originale lotteri, landslotteriet til Framtiden i våre hender, sommaren 1985. Reportasjen finn du også som bilder nederst. Trykk på dem og sjå dem større.

Premiane i dette lotteriet varerte mellom "ei drømmereise" for to til Nepal, Åfjordfæringar, konsulenthjelp til meir ressursvenlege bustader, matvarer for eit heilt år og flotte varer frå Alternativ Handel - les reportasjen:

Der ser du kor lett det er å gjera feil: Namnet Foseide med to s-ar i tittelen og Unn Elise Foseide på på besøk hos onkel i bildeteksta - nei, nei Willy - alle tre jentene er døtrene til Kjellaug og Ole Trygve og i dag finn du att OleT som medredaktør i Trollheimsporten, mens Arnhild (til høgre) er styreleiar.

 

Barnehage bilde 85_1024x1369
Roar Bolme og Mona Bolme legg pengar på børsa til Liv Jørstad - riktig fint speilvendt!
Foseide fam 2_1024x730
Siste del av artikkelen - klikk meg større.
Foseide bilde 1_1024x797
Familien Foseide med gratis kjøtt, fisk, grønsaker, frukt og bær for fem i eit år. Frå venstre Unn Elise, Britt Ingeborg, Ole Trygve, Kjellaug og Arnhild.