Søndag
Søndag Regn
19°
Regn
Svak vind
Mandag
Mandag Delvis skyet
19°
Delvis skyet
Lett bris
IMG_4619

Stangvik historielag melder:

Turar sommaren 2019

Stangvik Historielag og Todalen Historielag arrangerer busstur til Torjulvågen og Frei 15. juni, medan Stangvik Historielag og arrangerer tur til Rødsetsetra 29. juni, til Torviksetrene 10. august og til Øversetra på Hamnes 31. august. Alle er velkomne til å bli med på tur.

Busstur til Torjulvågen og Frei 15. juni 2019

Turen blir arrangert i fellesskap av Todalen Historielag og Stangvik Historielag. Det blir «storbuss» frå Fram, med sjåfør Øystein Mo. Bussen tek maks 47 personar. Start frå Todalen  («Hals-butikken») kl 08.15,  ferje frå Kvanne kl.09.00.

Det blir høve for påstigning undervegs, (f eks på Nordvik, ved Haugakrysset, Melhuskrysset, Pestutrøa, ved fergekaia på Kvanne og Rykkjem, Ålvundfossen).

Det er fint om dei som melder seg på, samtidig seier frå kvar dei vil  «gå-på» bussen. Viser elles til eget oppsett, «program», for turen. Elles kan vi opplyse at betalinga for turen vil bli innkrevd på turen utover. Sjå program for dagen på biletet nederst i saka.
 

Tur til Rødsetsetra på Ålvundeidet laurdag den 29. juni.

Start frå Rødsetgarden  kl. 10.30 – da passar det å ta ferje frå Kvanne kl 10.00. Parkering ved fjøset på garden.

Seterdrifta her vart nedlagt i 1951, og som naturleg var, forfall husa etter dette. Men no er husa restaurerte og sett i god stand. For arbeidet med dette fekk familien Rødset kulturprisen frå Sunndal kommue i 2002, og i 2006 fekk dei Møre og Romsdal sin kulturlandskapspris.

Vi får med oss ein person frå familien Rødset som «gaid» på turen, han vil og sørge for kaffe når vi kjem opp til setra – ta med niste og egen kopp! Det går skogsveg heilt fram til setra.
 

Tur frå Stangvika (Storsetra) til Torviksetrene laurdag den 10. august.

Du kan kjøre bil opp Leirbruvegen, forbi Bøkeskogen, til bommen (kr 50,-) ved den nye skogsbilvegen som går utover Stangvikliene. Her kan det vere naturleg å stoppe for evnt. samkjøring. Start frå bommen ca kl. 10.00.

Du kan og starte turen frå andre plassar i Stangvika, f eks like før Rønnan, og følge oppmerkinga for StikkUt-turen (bratt, ca 1 time opp), du kan og parkere ved bommen til den nye skogsbilvegen og «ta føtene fatt».

Kjem du etter skogsbilvegen, kjører du til du ser skiltet «Storsetra» eller skiltet «Skaråkersetra» på høgre side av vegen - da er det berre ein liten «stubbe» att før du kjem til Storsetra.  Vi satsar på at vi da kan samlast ved fjøset på Storsetra og starta turen mot Torviksetrene herifrå ca kl 10.30.

Det skal i løpet av våren/sommaren merkast ei rute frå Storsetra til Torviksetrene som vi skal følgje. Denne vil truleg gå bl.a. over «Jøstrinn» og «Middags-steinen».

Når vi kjem til Torviksetrene, vil det bli ein lengre pause ved den nyrestaurerte Nestusetra. Returen til Storsetra vil truleg gå same veg. Det kan og vera muleg å gå ned til Torvika, da må ein enten ha bil her, eller få nokon til å kjøre seg herifrå.

Turen frå Storsetra går delvis etter gammel sti, men det er og ein del myr, så det anbefales å ha fjellsko eller støvler. Ta med niste!!


Tur til Øversetra på Hamnes laurdag den 31. august, med oppmøte ved Jørristufjøset på Årnes kl 11.

Parkering blir anvist, og ein kan samkjøre herifrå til startstedet på Hamnes. Turen blir arrangert i samarbeid med turstigruppa på Årnes. Vi følger skogsveg heilt fram til tuftene av den gamle setra, er veret bra, går det greitt å gå i gode joggesko. Vi reknar med at vi er oppe ved setra etter ca 1 ½ time.

Svein Aarnes blir med som «kjentmann». Etter turen blir det samling i grendahuset på Årnes, med matservering og underhalding.

Turane går som planlagt om det blir litt ruskevær – men på turen frå Storsetra til Torviksetrene skal vi ovom «tregrensa», og da må vi ha nokon lunde bra vær.

                                                                                                                     

For meir informasjon om turane kan du kontakte Einar Grønnes, tlf. 91894944 eller Marit Haugen, tlf. 48049218

Alle er velkomne til å bli med på tur – både medlemer og «ikkje-medlemer» - vel møtt!!

Tur til Frei 2019-page-001.jpg

 

Stangvik historielag er medlem av Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut