Trygt trollver for Trollfest

Trollheimen Landskapsvernområde og iTrollheimen AS inviterte laurdag store og små til festopning av del I av opplevingsområdet ved Langvatnet i Helgetunmarka. Det blir Porten til Trollheimen frå Rindal.

IMGP9855.JPG

Saman med musikkorpset Blæstn var det eit par handfull godt kledde frammøtte ved parkeringsplassen ved enden av Langvassvegen laurdag formiddag. Blæstn er forresten medlemmer av "De positives forbund". Det betyr at dei ser sola sjølv om det regnar. Vi andre såg ikkje sola før langt utpå dagen. Seinare kom fleire og slutta seg til feiringa.

IMGP9854.JPG
Støttefunksjonar var på plass.

IMGP9861.JPG

Før Trolltoget kunne starte, foretok ordførar Ola T. Heggen den offisielle opninga av første del av det som skal bli eit opplevingssenter ved å kappe trollrumpa til Gøran Bolme ned til passe praktisk lengde.

IMGP9864[1].JPG

IMGP9863.JPG
Blæstn fullførte den høgtidelege handlinga med fanfare før dei leda Trolltoget fram mot Langvatnet etter den nye stigen.

IMGP9869.JPG

IMGP9872.JPG

IMGP9873.JPG

Ved Langvatnet er det frå før gapahuk med bålplass og toalettbygg. No er første byggesteg av opplevingsområdet, ein stor lavvo, på plass.

IMGP9886.JPG

I lavvoen vart vi mottekne av trollmor Britt G. Moen som hadde kaffe'n klar og steikte bakels akkompagnert av Blæstn, som hadde ein minikonsert som dei opna med valsen Kveld i Trollheimen.av den svenske kmponisten Andrew Walter.

IMGP9892.JPG

IMGP9903[1].JPG
Verneområdeleiar Hege Sæther Moen, ordførar Ola T. Heggem og dagleg leiar av iTrollheimen AS, Gøran Bolme.

Dette var også ein del av 30-årsjubileet for Trollheimen Landskapsvernområde, kunne verneområdeforvaltar Hege Sæther Moen fortelje under orienteringane vi fekk i lavvoen.

Planane for eit opplevingsområde her tett ved verneområdet har vorte svært godt motteke. Vi merker oss særleg rosen grunneigarane fekk, for det er ikkje alltid at dei er ivrigast for slike tiltak. Vernemyndigheitene heilt til topps stiller seg også positive til planane. Når så dei som sitt på ulike pengesekkar ser verdiane eit slikt opplevingsområde kan by på, ligg alt tilrette for at vi her får ein spennande møteplass.

Av 60 – 70 søkarar om støtte frå ei kjelde, fekk dette tiltaket 1/3 av midlane som var til utdeling.

Ordførar Ola T. Heggem tykte at det var «kjøle gøttj» å vere ordførar ein slik dag. Det gauaste utsagnet han hører er «Dokk fe de te e Rindala!» Samarbeidet her meinte han viste Rindal på sitt beste! 

Les også kva Trollheimsporten hadde om dette prosjektet sist torsdag!

IMGP9907.JPG

2017-10-07 12.24.35.jpg
Vernestyret spanderte både bakels og rømmegraut på alle som var møtt fram! Blæstn fekk forsyne seg først.

2017-10-07 12.28.17.jpg
Graut og messing!

2017-10-07 13.05.44.jpg
Uma forsynte seg med dessert, eplebåtar med sukker og kanel. Det smaka skikkeleg bra!

IMGP9912_690x782.jpg

Gøran Bolme er ikkje berre dagleg leiar for iTrollheimen. Han er også ein kløppar på underhaldning. I lavvoen hadde han ei avdeling i lag med surndalshuldra Svanhild Husby.

Gøran kunne fortelje oss at troll ikkje er noko tull! Han har hatt nærkontakt med dei gjennom arbeidet sitt med iTrollheimen. Troll finns ikkje berre i eventyr. Dei har det med å gå i dvale, slik bjørn og piggsvin gjer, berre i lengre dvalar. No held dei på og vaknar. Eksempel på det er rasa ved Gråsjøen og i Todalen.

Han var særleg oppteken med stortrolla Vindøl i Vindøldalen, Gjevil i Gjevilvassdalen og sjølvaste kongen av Trollheimen, Fold i Folddalen!

Om desse trolla fekk vi urframføring med visa «Trollheimsfest». Elles hadde vi stor glede av å høre visa «Nasadråppinj», noko dei fleste hadde erfaring med denne kjølige haustdagen.

IMGP9919.JPG
Surndalshuldra i aksjon!

IMGP9923.JPG
"Nasadråppinj"

IMGP9929.JPG

Veret letna litt når det vart tid for uteaktivitetar. Over her ser vi ein av postane i ei aktivitetsløype. Dei to som konkurrerer skal fylle eit plastrør med vatn med ei ause til ein bordtennisball flyt opp.

IMGP9932.JPG
Her strevar dei med eit ikkje heilt enkelt puslespel.

IMGP9937.JPG
Fleire nytta høvet til ein rotur med kano på Langvatnet.

IMGP9939.JPG
Lavvoen, - Norges mest utilgjengelege konferanserom, sa Gøran.

Lavvoen skal få straumtilførsel og bli eit fullverdig konferanselokale. Dei har også fått forslag til fin lyssetting av lavvoen frå lokal ekspert.

IMGP9942.JPG

Langs vegen frå Skavlia til Langvatnet var det sett ut ein natursti, og premien der var mellom anna ost frå Trollheimen, Grindal gardsysteri. Ola T. Heggem vart uttrekt til førstepremie, og laga "Ingrid, Anne, Ola" og "Ingrid og Odd Inge" vann dei to andre premiane.

2017-10-07 14.29.37.jpg
Vi vonar alle trolla kom seg i dekning før eit glimt av sola gylte haustnaturen!