Tilsette_Hageland

Annonse:

Trosser snøbygene med vår- og sommarvarer

Det verkar kanskje litt rart at ein driv og førebur sommaraktivitetar når snøfokket driv rundt husnovene. Men på Hageland Surnadal er det like fullt travelt med å få på plass både hagemøblar, busker og planter til sesongstart 1. april.

Alle bilder og tekst innsendt fra Jon Olav Ørsal, Talgø Invest AS

Bildet øverst: Gler seg på våren: Klar for ny vårsesong – frå venstre Borghild B. Talgø, Hubertine Roebroek og Oddmund Jørgensen håpar på fint vårvêr utover april.

Men det er da heldigvis slik at vêret skiftar for denne årstida, så om det er snøfokk ein dag, så kan du kanskje dekke til kaffeservering på terrassen neste dag. Du kan iallfall planlegge og rigge til utstyret etter kvart som dagane går utover aprilmånaden.

Denne våren blir nok spesiell på mange måtar, for vi vil vel heile tida ha smittefaren hengande over oss og det vil kanskje ikkje bli så mange og store hageselskap som vi har vore vant til. På same måten er det kanskje ikkje så aktuelt å stå i tett kø på hagesenteret på grunn av smittefaren.

På Hageland har dei tenkt på dette og laga eit opplegg som dei føler er sikkert, og det første du møter på er Antibac-flaska, og plakaten med oppfordring om å ta hensyn til både tilsette og andre kundar ved å halde avstand i butikken.

Da er det ein fordel å spreie handelen og starte før det blir vårrush for fullt og på same måten spreie handelen gjennom døgnet på tider det ikkje er så mange i butikken. Og så kan du starte jobben i hagen etter kvart som det blir bra vêr og forhold til slike aktivitetar – for det fine vårvêret kjem i år og det kan vi berre glede oss til.

Planteskule_Hubertine.jpg
Spør ein gartnar: Hubertine Roebroek er gartnar og veit det meste om ting som veks! Dei siste vekene har det strøyma på med planter og busker.

Oddmund_hageHvit.jpg
Oddmund Jørgensen har fått på plass hagemøblane. - No treng vi sol og varme, konstaterer han.

Hagemøbler.jpg
Stort utval i hagemøblar. Er du på jakt etter hagemøblar så finn du noko for ein kvar smak her.

 

Hageland Surnadal er medlem av Trollheimsporten.