1500 lars inge kvande 2

Trollheim med millioninvestering - vil effektivisere produksjonen

Trollheim AS investerer 6,5 millionar kroner i nytt heilautomatisk kapp- og pakkeanlegg, som skal stå klart i mars. – Vi trur dette løftet vil gjere oss meir attraktive for både potensielle kundar og tilsette, seier dagleg leiar Lars Inge Kvande.

Kappanlegget til Trollheim AS har vore i drift sidan midten av 1990-talet, og ifølgje Lars Inge Kvande har det sett sine beste dagar.

– Det har gått ein del meter trelast gjennom der, for å seie det sånn, seier han, og smiler.

Difor har bedrifta no bestilt eit nytt, heilautomatisk kapp- og pakkeanlegg frå det danske firmaet System TM, som har spesiallaga anlegget etter mål frå Trollheim. Prislappen er på om lag 6,5 millionar kroner.

– Det nye, heilautomatiske systemet vil vere meir effektivt, meir nøyaktig og tryggare – heilt i tråd med dei krava og direktiva som ligg føre i dag, seier Kvande, som håpar og trur på store ringverknader, som følgje av investeringa.

– Med nytt anlegg vil vi sikre at vi kan tilfredsstille både dagens- og framtidige kundar på ein stabil og god måte. Det vil gjere drifta vår meir effektivt, og vi håpar dette vil gje oss fleire kundar, sjølvsagt utan at det på nokon måte går utover dei kundane vi har i dag, seier han.

Pipelife Norge er i særklasse den største kunden til Trollheim AS, og Kvande trekkjer og fram Holten Treindustri som ein viktig og god kunde og samarbeidspartnar.
 

– Med på å gjere oss meir attraktive

Lars Inge Kvande trur at det nye kapp- og pakkeanlegget, og Trollheim sin vilje til å investere og satse på utvikling, vil ha fleire fordelar:

– Desse tinga er med på å gjere oss meir attraktive opp mot tilsette, lærlingar, tiltaksdeltakarar og jobbsøkarar, seier han, og fortel at vekst i seg sjølv ikkje er eit mål for bedrifta.

Trollheim hadde i 2018 ei omsetning på om lag 52 millionar kroner, og har over 100 personar på lønningslista.

– Det som er eit mål for oss er å ha eit bærekraftig økonomisk resultat, seier Kvande, og fortel at alt av overskot går til å utvikle bedrifta, samt å handtere svingningar i marknaden.

– Vi er non-profit, som vil seie at det er utbytteforbod, så eigarane våre kan ikkje kome og kreve utbytte ved overskot. Men vi opererer i ein anbodsbransje, som i seg sjølv er ganske utsett, så difor er eit bærekraftig økonomisk resultat med på å gje oss sikkerheit.

Den daglege leiaren rosar Surnadal kommune, som er den største eigaren til Trollheim AS.

– Dei gjekk inn som garantist for lånet i samband med kjøpet av det nye kapp- og pakkeanlegget, og det gav oss mulegheit til å få gode betingelsar i lånemarknaden, seier han.

690 lars inge kvande ute 1.jpg
Dagleg leiar Lars Inge Kvande og Trollheim vil effektivisere produksjonen når det nye kapp- og pakkeanlegget er på plass.
 

Opptekne av utvikling og fagleg breidde

Kvande fortel at Trollheim nyleg har vunne tilbake eit par anbod ved NAV, som dei tapte for nokre år sidan. Det betyr mange nye mulegheiter for bedrifta.

– Det gjev oss mulegheita til å få betre breidde i det faglege, og vi har no om lag 10 personar på fagsida. Det at vi vann desse anboda har gjort at vi har fått inn nye, dyktige folk i fagtenesta, og saman med resten av fagavdelinga bidreg dei til at vi er solide, og tåler litt svingningar, seier han.

48-åringen fortel at det er viktig for Trollheim AS å vere ei attraktiv bedrift for både lærlingar, jobbsøkarar, tilsette og tiltaksdeltakarar. Og skal ein vere det, må ein henge med i utviklinga, meiner han.

– Vi ser heile tida etter gode løysingar for å vere i framkant av utviklinga, og eg trur det blir berre viktigare og viktigare i framtida.

Som eit døme trekkjer han fram at Trollheim AS er i dialog med Robot Norge, for å vurdere om noko av det manuelle arbeidet kan automatiserast. Dei har og vore på besøk hos NTNU for å diskutere temaet.

– Automatisering og bruk av robotar blir det meir og meir av, og vi ser mellom anna at aukande automatisering i Pipelife, og elles i næringslivet, gjev behov for denne typen kompetanse, seier han, og fortsett resonnementet:

– Dersom vi kan tilby lærlingar og jobbsøkarar opplæring innan automatisering og bruk av robotar, vil dei opparbeide seg kompetanse næringslivet har stor bruk for.

Kvande trur dette vil vere ein vinn-vinn situasjon for bedrifta og dei tilsette.

– Å muleggjere opplæringing innan automatisering vil vere økonomisk gunstig for oss, samtidig som det gjer bedrifta attraktiv og aktuell både som lærebedrift og for tilsette, seier han, og legg til:

– Det er viktig for oss å jobbe godt med tilpasning, og passe på at tilbodet vårt ikkje blir for snevert. Samtidig handlar det om at vi må utfordre oss sjølve litt.
 

Kappar bortimot dobbelt så fort

Det nye, heilautomatiske kapp- og pakkeanlegget kan både kappe, stable og legge materialet på pallar. Det vil likevel ikkje føre til at behovet for manuelt arbeid kjem vekk, forsikrar Kvande.

Før bestillinga, var Trollheim på befaring i mellom anna Tyskland og Danmark, før valet altså fall på eit anlegg frå System TM.

– Kappanlegget vi har i dag er og frå System TM, så vi veit i stor grad kva vi får når det gjeld oppfølgjing – og den har vi vore veldig fornøgde med. I tillegg gjekk både pris og kvalitet i deira favør, i forhold til dei andre anlegga vi samanlikna med. Då var saka i grunn grei, seier Kvande.

Anlegget skal vere klart til bruk i mars neste år, og leverandøren er no i full gong med prosjektering.

– Det vert laga etter avtalte spesifikasjonar, og først sett opp i Danmark. Når det er gjort, sender vi eit par personar dit for grunnopplæring og testing, før anlegget deretter blir plukka ned att og transportert hit, seier Kvande, og fortsett:

– Vi får eit anlegg som på alle måtar er både tidsriktig, bra og avansert. Det har tre Opti-Stack-stablarar, og handterer ulike lengder og breidder. Vi berre fyller på med mellomlegg, så ordnar maskina resten.

Kvande er full av begeistring for det nye anlegget, som altså er på plass om rundt fire månader.

– Det har heilt ny teknologi og nytt styresystem, samanlikna med det vi har, og kan kappe nesten dobbelt så fort. Så det gjev oss mulegheita til å køyre opp farten kraftig, utan at det går utover kvaliteten.

1346_Trollheim_A4.jpg
Slik skal det nye, spesiallaga anlegget sjå ut (Foto: Skisse frå System TM/Trollheim).


Trollheim AS er medlem av Trollheimsporten.