Søndag
Søndag Regn
Regn
Laber bris
Mandag
Mandag Lett sludd
Lett sludd
Lett bris

Tordenskjold songlag

Tordenskjold songlag er medlem av Trollheimsporten. Koret er ein solid veteran innanfor kormiljøet på Nordmøre. Det vart stifta i 1908 og har vore i kontinuerleg drift i dei vel 100 åra etter oppstarten. I dag har koret 21 medlemmer, kvinner og menn, og har nye høgdepunkt på programmet det komande året.

Tordenskjold songlag anno 2012!

Tordenskjold songlag frå Surnadal er eit blandakor med lang fartstid i kormiljøet. Hausten 2008 feira dei 100-årsjubileum, og ga i samband med dette ut ei bok om laget si historie. Jubileet vart elles markert med både jubileumskonsert og jubileumstur til Paris.

28. april 2012 var det storkonsert i Storstuå på Surnadal kulturhus. På denne måten ville koret markere at det var 50 år sidan The Beatles slo igjennom.

Koret øver jamt gjennom heile året, og sidan årsskiftet 2008-2009 er det Elin Persson som har vore dirigent. Ho var også dirigent for koret i ein 10-årsperiode på 90-talet. Berre ein person har vore dirigent for koret for eit lengre tidsrom. Det var den første dirigenten, som leidde koret i heile 50 år. At folk ønskjer å vera med Tordenskjold så lenge, er eit godt teikn. Det fortel om både seriøsitet og godt sosialt klima i koret. Dersom du er på jakt etter nokon å synge i lag med, er derfor dette kanskje koret for deg?

 

Styret i Tordenskjold songlag i 2016:
 

Leder - Elsa Kvande, mob. 90940755
Nestleder - Per Jarle Riksheim
Sekretær - Gunhild Anne Hyldbakk
Kasserer - Grete Ingunn Krogstadnes
Styremedlem - Geirid Holten
1. vara - Brynhild Fossen
2. vara - Britt May Hollås

Kontakt Tordenskjold songlag:  Elsa Kvande Tlf: 90940755
Dirigent: Elin Persson

 

Du finn nyheiter fra Tordenskjold songlag her.

 

Lenker:

 Norges korforbund

 Norges korforbund avd. Nordmøre

Over: Samarbeider om Beatlesforestilling den 28. april 2012: Tordenskjold songlag og lokal ungdom henta heim frå Kristiansund for anledninga.

 

Tips en venn Skriv ut