Gaddfjellet sett fra Totjønnin_715x477

Fredag åpner Norsk Vandrefestival

Toppvandring

Somme tek markeringa av Norsk Vandrefestival meir bokstaveleg enn andre, eller er det desperasjon etter å sikre seg Fjellkrus frå Turstigruppa i Rindal IL som får ei rindalsjente til å gå på 8 fjelltoppar på ein dag? Absolutt ein tur å anbefale, seier ho til Trollheimsporten etter turen ho og mannen gjennomførte tirsdag.

 

Mandag morgon i 9-tida kjørte Mildrid Kattem Aune og Georg Aune innover Folldalen og starta dagens topptur med å gå opp på Slumpan (over). Derifrå gjekk 

dei opp på Ura (til venstre) vidare om Reinslivatnet langs grensa til Trollheimen Landskapsvernområde til Gaddfjellet og Raudfjellet og ned til bil dei hadde parkert i Hølstoen. 

 

Deretter tok dei turen om Mjukinn før dei var innom heimen på Granlund for litt mat. Kaffedrikking på grusveg mellom Hølstoen og Vålåskaret vart misslukka. Mat og rikeleg med drikke var ei viktig forutsetning for å kunne gjennomføre ein slik tur denne flotte, varme dagen, fortel Mildrid.

 

Etter ny biltur til Skogen skyttarbane. vart Garbergfjellet neste topp. Dei kjørte så og parkerte bilen i Furuhaugmarka og gjekk over Tifjellet (til høgre) til Stokkfjellet – og labba til slutt ned fra Haltlibakken og heim til Granlund i Romundstadbygda i 11-tida, fortel Mildrid.

 

 

Dette er ein tur Mildrid absolutt anbefaler, men det vart litt for travelt til at dei fekk tatt bilder. Vi skulle starta litt tidlegare på dagen. Da kunne vi sete litt på toppane og teke bilde. Dermed er alle bilda i artikkelen frå arkivet til Trollheimsporten.

 

Har hatt lyst til å ta denne turen heilt sidan den eplekjekke svogeren min og kameraten hans tok denne turen for eit par år sidan, seier Mildrid, som var glad for at Georg ville vere med henne på dette. Ho påstod at han var i mykje betre form enn henne, men ho kan ikkje klage på formen ho heller. Dagen etter var dei ikkje meir slitne enn at dei sykla til Folldalen og Furuhaugmarka og henta kvar sin bil.

 

Mildrid minte oss om ein enda tøffare toppturjakt for nokre år sidan. Da «gjekk» Anne Sørli på 8 toppar og tok ein og ein topp. Det vart nokre fleire høgdemeter!

 

God tur og lykke til med din måte å markere Norsk Vandrefestival på.