Rogues600_350x259

Arkivdykk i det nordmørske musikklivet

The Rogues - rindalsk popmusikk frå den gang da

Trollheimsporten presenterer med jamne mellomrom utdrag frå Plekterfesten.no, ei flott og innhaldsrik side om det nordmørske musikklivet. Orkesteret på bildet er The Rogues frå Rindal, som vart starta i 1964 og som spela alt frå popmusikk til gammaldans - men Sven Ingvars var nok favorittmusikken.

The Rogues besto av (f.v. på bildet) Leif Arne Ljøkjell (sologitar, vokal), Kåre Tørset (rytmegitar, vokal), Lars Bakken (trommer), Kari Solvik (trekkspill, orgel) og Harald Solvik (bass).

Dei hadde spelejobber frå Kristiansund i vest til Harran i nord (Namdalen), og vart også engasjert ein gong av skikongen Gjermund Eggen til å spele i Engerdal. Ei avis hadde reportasje om oppdraget: "Den kjente gruppen The Rogues fra Rindal, som er veldig populær her i dalføret, vil i morgen spille i Engerdal. Det er ingen ringere enn Gjermund Eggen som har fått istand denne turen, i det han opptrådte sammen med Rogues på Å nylig. Han ble da så imponert over gruppen, at han ville de skulle komme til hjembygda hans for å spille. Det er altså nå i orden. Så får vi bare håpe at guttene spiller opp mot sitt beste, og at veien til storkarriere innen popbransjen blir enda lettere etter denne turneen."

På plekterfesten.no kan du sjå fleire bilder av bandet. Der finn du også ei stor oversikt med presentasjonar med tekst, bilder, plakatar og lydfiler av andre lokale orkester frå 1950/60-talet og fram til i dag.