hybridferje kvanne testing april 2020

Testa el-ferge i Stangvikfjorden

I løpet av sommaren vil ferga "Bjørnsund" på sambandet Kvanne - Rykkjem bli ersatta av ei topp moderne el-ferge. "Stangvikfjord" kan ta inntil 50 personbileiningar, og har ein passasjerkapasitet på 149. Laurdag vart kaiene testa av søsterskipet som skal nyttast på Edøya - Sandvika. 

El-ferga som lå i Stangvikfjorden laurdag heiter "Smøla", og skal etter plana gå i sambandet Edøya - Sandvika frå månadskiftet april/mai. Dette er søsterskip av fartøyet som skal settast inn i strekninga Kvanne - Rykkjem til sommaren. 

- Hybridfergen "Smøla" er i dag på Kvanne - Rykkjem for å teste kaier. Dette er utenom normal trafikk. Ferga "Bjørnsund" trafikkerer sambandet som normalt. "Smøla" er tilsvarande ferga "Stangvikfjord" som skal inn i sambandet i løpet av sommaren, seier operativ leiar for Nordmørspakken, Magne Hanestadhaugen til Trollheimsporten.

Møre og Romsdal fylkeskommune signerte kontrakten med Fjord1 ASA for drift av dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre i januar 2018. Kontrakten varer i elleve år, og starta opp 1. januar 2020. Nordmørspakken er verdt 1,884 milliardar kroner.  

Topp moderne ferger på veg til Nordmøre
Fjord1 har god framdrift på nybyggprosjekta trass i at ein opplev ein ekstraordinær situasjon i desse dagar med Korona-pandemi. Regionleiar i Fjord1, Odd Reidar Ormåsen, er difor ekstra glad for å meddele at Fjord1 sine nye og miljøvennlege ferjer snart er på plass som planlagd på Nordmøre.

- MF Tustna, Grip og Smøla vil alle bidra til ei omfattande oppgradering på sambanda samanlikna med dagens materiell. Dette er moderne el-ferjer som primært skal gå heilelektrisk. Dei er optimaliserte og skreddarsydd for sambanda med omsyn til stabilitet og energieffektivitet, i tillegg til å tilby gode passasjerfasilitetar. I tillegg til dei store utsleppskutta som fartøya representerer, vil det og innebære eit stort kvalitetsløft for våre reisande, seier Ormåsen til Fjord1 sin heimeside. 

Dei to siste nybygga i Nordmørspakken er MF Møringen og MF Stangvikfjord, og er venta å vere i drift før sommaren. MF Møringen vert B-ferje på Edøya-Sandvika, medan MF Stangvikfjord skal trafikkere sambandet Kvanne-Rykkjem.