Kjell Gunnar Polden

Annonse:

Tenk, i haust kan du stemme på framtida!

Surnadal MDG ønskjer å vise fram sine kandidatar og deira hjartesaker i dei tre vekene fram mot valet her på Trollheimsporten. Kvar veke vil vi presentere noko av programmet vårt, og nokre bilete av kandidatane våre. 

Bileta vi viser er ein del av valkampanjen vi har på sosiale medier. Sjekk gjerne ut Facebooksida vår "Miljøpartiet de Grønne - Surnadal" eller finn oss på Instagram. Der har vi ein føljetong med kva vi ønskjer å "ta vare på".  

Med denne presentasjonen ønskjer vi å gje deg moglegheita til å sjå at vi er det partiet som tek klima og miljø på alvor, vi har konkrete planar for Surnadal og i siste periode har Eli Vullum Kvande (1. kandidat) og Erik L Moen (2. kandidat) vore tydelege stemmar for framtidige generasjonar. Det er stemmar som trengs i Surnadal Kommunestyre, sidan vi har økte utslepp i 2018 og vi må kutte 60 prosent innan 2030. Det trengs handling no, valet i haust må bli eit klimaval.  

Lisa Forslund_690x415.png

Espen Fougli Vraalsen_690x463.png


Det er alvor 

Mange kan bli overvelda over å sjå alle dommedagsutspela som vi får presentert i media, samtidig som man får tips for korleis ein kan bidra, at ein skal føle på skam om ein ikkje greier det osv. Det er jo slik at om alle bidrar litt, så vil vi gjere stor forskjell – men om du bruker stemmeretten din rett, så kan du gjere ein større forskjell. Jørgen Randers (BI-professor) seier at det viktigaste ein kan gjere som enkeltperson i klimakampen er å stemme fram dei politikarane som tek klimaet på alvor. Vi i Surnadal MDG er ikkje redde, vi har berre pågangsmot framfor handlingslamming. Og du bør stemme på oss, slik at vi får større gjennomslag. Da skal vi sikre at Surnadal Kommune er med på å ta ansvar i kampen mot klimaendringane og tapet av biomangfaldet. Noreg består av kommunar, det er her det må skje.  

Christel Elisabeth Bæverfjord.PNG

Torgeir Leivdal.PNG

Ikkje berre miljø 

Mange har kanskje ei oppfatning om at vi er eitt eittsaksparti, men det er vi ikkje. I førre periode har vi engasjert oss i skuleutbygging, skulenedlegging, skjenkeløyve, innkjøpsavtalar og bustadfelt som dei andre partia. Våre kandidatar har vore godt førebudd og aktiv i debatten i dei fleste saker. I tillegg garanterer vi at vi les sakspapir med "grøne briller". Og ofte er det slik at det som er godt for miljøet og er godt for mennesket.  

Vi er også som dei andre partia engasjerte i bygda vår, vi ønskjer at det skal vere liv i grendene og at det skal vere god beredskap, vi ønskjer næringsutvikling og satsing på landbruk. Visste du at nasjonalt er vi det partiet som har gjeve mest pengar til landbruk i vårt alternative statsbudsjett? Vi vil nemleg at det skal lønne seg å produsere mat i Noreg. Vi ønskjer at dei små og mellomstore gardane skal bestå, det er viktig for å sikre sjølvforsyningsgraden og mattryggleiken. Det kjem til å bli enda viktigare framover, når temperaturen stig. Du visste kanskje heller ikkje at vi foreslo og fekk igjennom å bruke 5 millionar på å asfaltera kommunale vegar på investeringsbudsjettet til Surnadal, framfor å bruke pengar på å vedlikehalde grusvegane? Tiltaket blei så godt motteke at det blei gjennomført for 2018 også.

Eitt av våre prioriteringsområde er å arbeide for god folkehelse, og i det ligg det utruleg mykje. Kulturtilbod, tilrettelegging av friluftsliv, gang- og sykkelvegar, gode arbeidsforhold, tid og sterk frivilligheit for å nemne noko. 

Kathrine Langholm Solheim.PNG

Ola Skjølsvoll_690x513.png
 

Sjå her for heile programmet vårt!
 

Godt val! Vi vil stemme for framtida, helsing Surnadal MDG