Lørdag
Lørdag Skyet
11°
Skyet
Svak vind
Søndag
Søndag Lett regn
Lett regn
Svak vind
2019 04 24 Syng med Prosjekt 17[1]

Koret Prosjekt 17 melder:

Syng-med-oss i Todalen 24. april

Onsdag etter påske inviterer Koret Prosjekt 17 til ei kveldsstund med kor, trekkspel, allsong og kaffe i Todalen Ungdomshus.

- Song er både triveleg og sunt, seier arrangørane og støttar seg på både erfaringar og vitenskapelege undersøkelsar som beviser dette.

Allsongen denne kvelden består av nytt og gammalt, kjent og kjært – både viser og slagerar. Også koret har slagerstoff på programmet, mellom anna frå CD’en «Melodiminne», som dei har gjeve ut.

Dessutan framfører dei friske utdrag frå den lokale fjordakabareten «Med segl og Wichmann».

Tonefølgje til songane gir Peder Hønsvik på trekkspel – og kanskje serverer han småhistorier, litt tango og solomusikk også.

I kaffepausen er det utlodning.

2019 04 24 Syng med Prosjekt 17[1].jpg
Koret «Prosjekt 17» er vertskap og hovudaktør på songkvelden. Frå venstre Nora Bøe, Øystein Moe, Borghild Talgø, Liv Marit Polden, Einar Husby, Ann-Magret Botten, Inger Garthe, Kari Sæther, John Moe, Kirsten Baadnæs Bøe, Per Arne Hyldbakk og Randi Vetleseter Bøe.

2019 04 24 Syng med PEDER HØNSVIK[1].jpg
Peder Hønsvik sørgjer for trekkspelstemning.

2019 04 24 Syng med Sjøm.JPG
Einar Husby og Liv Marit Polden som representantar for sjømenn og kjerringar i kabareten «Med segl og Wichmann».

Tekst og foto: Bernt G. Bøe.
 

Annonse:

000 Plakat SyngMedOss TOD.jpg

Koret Prosjekt 17 er medlem av Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut