Trollheimstankar

Nanna Ranes
Nanna Ranes

Tullingen

Hei, Nanna! Har du eit dikt eller ein tekst du vil dele med lesarane av Trollheimsporten?

Publisert

Kva har skjedd med den einsame tranen som flyg åleine over ekrene på Grytnes? Kvifor flyg han åleine? Somtid flyg han etter eit anna tranepar, som eit femte hjul på vogna. Nanna veit at tranane er monogame. Kvifor har han ikkje kjærast, har han mista nokon, eller kanskje han ikkje har funne seg nokon enno? Nanna ser nedover dalen.

- Eg føljer med han, håpar det ordnar seg snart, seier Nanna Ranes og smiler.

Følarane ute

Småbruket til Nanna og familien hennar heiter Grytnes. Plassen ligg attmed vegen på Fiskja i Øvre Surnadal. Går du forbi er det alltid nokon ute. Rundt huset er det stadig eit prosjekt på gang, og dyr av alle slag og fasongar går saman på tunet.

Katten Po og Laffen. - Skinnet Laffen ligg på er av Ola; den første bekren på Grytnes. Var som ein hund han, og spesielt glad i å leike med stor gummiball, fortel Nanna.
Katten Po og Laffen. - Skinnet Laffen ligg på er av Ola; den første bekren på Grytnes. Var som ein hund han, og spesielt glad i å leike med stor gummiball, fortel Nanna.

På Grytnes bryr dei seg ikkje mykje om status og stand. «Kom inn, ikkje ta av deg skorne, nei, nei». Hundane kjem springande, kjempeglade på besøk. «Vil du ha Pepsi Max, drikk du kaffe? Is vil du ha?». Det er lett å føle seg avslappa. Her kan ein komme som ein er.

Nanna vil snakke om dei som slit i livet.

- Eg er ein person som likar å vera på lag med dei som ikkje lever på solsida, seier Nanna.

Hendingar i livet har sat djupe spor hos henne. Dette har ført til at ho er 40 % uføretrygda. Nanna er universitetetsutdanna, og har arbeidd som lærar. No arbeidar ho som frilansjournalist, og skriv gjerne om folk som ikkje har hatt det greitt, folk som står attest i køa, og som gjerne ikkje flaggar seg sjølv.

- Å høyre på folk er sunt for oss. Vi må tørre å tru og høyre på dei som fortel oss vanskelege historier, seier Nanna. Vi må ha følarane ute og sjå folk rundt oss, spesielt barn.

Tullingen

Diktet, eller songen, Nanna har valt å dele med oss er «Tullingen». Diktet er skrive av Johan O. H. Jensen, men er kanskje mest kjent som ei skillingsvise med Rita Engebretsen på «Frem fra glemselen»-platene.

Johan O. H. Jensen var prest i Stange på slutten av 1800-talet, han skreiv diktet etter å ha sete på dødsleiet til guten Bernt Pedersen. Bernt døde i 1893 av difteri, berre ti år gamal.

Han var litt annleis enn dei jamngamle gutane, han sleit på skulen og var keitete. Bernt fekk difor kallenamnet «Tullingen».

I diktet får vi innsikt i korleis det var å vera Bernt, om kor hardt det er å få eit slik kallenamn. Til tross for behandlinga Bernt fekk av medelevane var han ikkje bitter, men ynskte at dei ikkje skal få den same sjukdommen som han. Før han dør seier han at no er det ingen som kan kalle han Tullingen meir.

Når Nanna les diktet får ho ikkje til å la vera å gråte.

På stua står diktet "Tullingen" på en gamal kommode.
På stua står diktet "Tullingen" på en gamal kommode.

- Eg og venninna mi Sofie sat og hørte på "Frem fra glemselen"-platene da vi var barn. Vi kunne alle songane, fortel Nanna. «Tullingen» rørte meg så sterkt.

I dag kan Nanna sette på «Tullingen», «Blåmann, Blåmann bukken min» og «Vesleblakken» og gråte ein skvett. Det gjer berre godt, tykkjer ho.

Utnamn

Latteren sitt laust hos Nanna, ho gret når vi snakkar om noko trist, men like plutseleg kjem det ein høg og god latter. Ove kjem innom samtalen, sett seg ned, men stikk av like fort som han kom, mumlar med eit smil at han ikkje har noko klokt å komme med.

- Ungane kallar meg Margot, seier Nanna og ler.

Ho fekk kallenamnet sitt etter at familien hadde sett «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det var ein herleg episode. Margot var dement, men mannen hennar ville ikkje sende henne på sjukeheimen. Ho Margot sat der og berre smila, ho.

- Eg er nok litt fjern, ja, seier Nanna og ler høgt . Eg likar kallenamnet mitt, det er sagt med kjærleik.

Det har vore vanleg, kanskje mest før, å gje folk kallenamn, eller «utnamn» som det heiter på dialekt. Desse utnamna er ofte ironiske, eller morosame - for oss andre.

- Det kan vera veldig stigmatiserande, seier Nanna. Enn å bli målt på noko som er negativt med deg sjølv. Ein tapar i utgangspunktet. Ikkje tru at folk ikkje veit utnamna sine. Dei veit akkurat kva folk går og kallar dei, seier Nanna.

- Det er fort gjort og tankelaust, men «eg seier det no aldri til han», den trur eg vi berre må gløyme å unnskylde oss med, seier Nanna.

- Eg tenkjer at dei som har slike utnamn har lyst til å rope «Eg er så mykje meir enn det», seier Nanna alvorleg.

Hierarki

- Vi er ein merkeleg gjeng, vi menneskja, seier Nanna.

Ho ser over elva og på kyrne til Olav. Korleis går det med ho lyse, tru. Ho som alltid går sist. Kua blir skubba vekk om ho prøver å gå forbi dei andre.

- Menneska lagar seg også hierarki, vi er stygge med dei vi er sat i bås for å konkurrere med. Vi sparkar nedover, og kjempar for eigen posisjon. Målar kvarandre etter status og utsjånad.

- Slike hierarki har ingen aldersgrense, seier Nanna. Om du tenkjer deg om, veit du kvar du er i dine hierarki, på jobb eller i venneflokken, ikkje sant? Om du ikkje veit det er det nok fordi du står øverst.

Nanna meiner at vi må bli flinkare til å seie i frå. Flinkare til å gje andre moglegheit til å seie unnskyld. Rote litt i hierarkia.

- Vi må bli tøffare til å seie at «Hei, dette er ikkje greitt, no såra du meg». Våg å vise at du er lei deg, seier Nanna.

«Lusejenta»

Da Nanna gjekk på barneskulen kom det ei ny jente i klassen.

- Ho var dårleg kledd og hadde dårleg hygiene. Ho lukta stygt og vi som gjekk i klassen hennar var nådelause. Vi mobba henne, ville ikkje henge kleda våre attmed kleda hennar, «Æsj, lusejenta», vi flytta oss om ho sette seg attmed oss, fortel Nanna.

Det er likevel læraren si kjenslelause haldning til det heile som Nanna hugsar best. Ein dag kom ikkje jenta på skulen. «Ho kjem ikkje tilbake», sa læraren lunkent.

- Det var ein anna kultur den gongen, no er det heldigvis annleis, seier Nanna.

Nanna jobba som lærar i 15 år.

- Barn som ikkje har det allright heime, får det ofte ikkje så bra på skulen heller. Det er så trist. Hugs å vera snill mot dei som treng det! Eg tenkjer ofte på denne jenta no, seier Nanna.

Grunnfjellet mitt

Nanna voks opp i ein heim der det var høgt under taket, mykje humor og latter, og fridom under ansvar. Foreldra er enno ein stor del av livet hennar, og ein av dei viktigaste støttespelarane hennar.

- Den viktigaste eg har teke med meg heimafrå er at eg ikkje berre skal sette meg sjølv i sentrum, fortel Nanna.

- Plattforma og grunnfjellet mitt, er at alt liv, menneske og dyr, er like mykje verd, seier Nanna. Kan ein gjera noko for at andre skal ha det bra, så skal ein gjera det! Ikkje nøl, ikkje føl at du legg deg borti. Stryk nokon på ryggen, ver der!

Heime på "klåppa" med hundane Lotta og Laffen
Heime på "klåppa" med hundane Lotta og Laffen

Nanna er glad i dyr, men ho slaktar dyr heime på Grytnes, og har ei pragmatisk haldning til det å ete kjøt. Nei, nokon vegetarianar er ho ikkje. Likevel er ikkje tårane langt unna når nokon, om det er menneske eller dyr, har det vondt.

- Veit du, når eg kjem på hytta på etterjulsvinteren, og fluene vaknar opp av dvalen, da blir eg rådvill. Kva skal eg gjere? Opne vindauga og sleppe dei ut i kulda til ein sikker død? Nei, det får eg ikkje til, seier Nanna og ler.

Tullingen

Hvor skogstien bøyer mot Elvebakken ned,
der lå en liten stue i aftensolens fred.
De siste stråler spiller på dens tjærebrune vegg.
Inn av vinduet dufter det av bjerk og av hegg.

Der har sorg og savn hatt så mangt et alvorstak,
men aldri er der kjempet så hårdt som i dag.
Den onde barnefarsott kom fra byen også dit.
Nå strider deres kjære gutt den siste store strid.

Det var en liten klosset og underlig en.
Så ærlig og trofast, så puslet og sen.
Blant guttene i skolen var han alle til narr,
dess mer han vokste hjertet fast hos mor og hos far.

I lekser og lek bar det like galt avsted
bestandig lød det: Tullingen kan ikke være med.
Og Tullingen sto stille og tenkte på mor,
og gjemte i sitt hjerte de grusomme ord.

De visste jo ikke de tankeløse små,
hvor brennende og dype sår et sådant ord kan få.
De så ei hvor han lengtet å komme dem nær,
og få sin del i barnets lek hvor de var ham kjær.

Akk for hans siste tanke de sto i flokk og rad,
og de var i hans sinn da han den siste bønnen ba.
Med møye og med smerte han hvisket det frem:
Gud la den onde sykdom ikke komme til dem.

Nu bøyer mor seg over sin lette bleke gutt.
Hun kysser ham ennu en gang for snart så er det slutt.
- Men gruer du da ikke for dødens mørke port?
- Å nei da mor, en to-tre tak så er det verste gjort.

Nå vil du nok gå fra oss det merker jeg for visst,
å, ja du men hos Jesus, der samles vi til sist.
Nå er det også over et smil på leppen ler:
Nå slipper de å kalle meg for Tullingen mer.

Johan O. H. Jensen