Herlege tonar og tekster i den nye salmesamlinga av Sundlisæter og Haugdal, seier Ann-Magret Botten og Per Arne Hyldbakk i koret Prosjekt 17, som gler seg til tonekvelden.

Tenorperler og salmeslepp

Publisert Sist oppdatert

Fredag 14. oktober er Stangvik kyrkje arena for ein unik kyrkjetonekveld. Tenorperler, orgelmusikk, kor og nye salmetonar står på programmet.

Tenorsolist Harald Bjørkøy og musikkskapar Ole Karsten Sundlisæter er P17-korets gjester med eit smakfullt program.

Professor med glitrande rulleblad

Harald Bjørkøy lovar klassiske tenor-arier og meir til.

Songaren Harald Bjørkøy frå Hemne har eit imponerande musikalsk rulleblad. Skolert hos Oren Brown ved Julliard i New York hadde han debutkonsertar både i Oslo og i Carnegie Hall. Med dirigentar som Rafael Frübeck de Burgos og Dimitrij Kitajenko har han sunge opera- og oratorieprogram i mange land. Bjørkøy har ei rekkje plateinnspelingar og radio- og TV-produksjonar bak seg. Han er nyleg pensjonert professor frå Griegakademiet i Bergen.

Grieg blir forresten å høre i Stangvika også. - Vi må håpe folk likar det dei får høre, seier han med glimt i auget. Han lovar vakre tenor-arier av Rossini, Haydn og Fauré forutan «I himmelen» og «Landkjenning» av Grieg.

Den siste syng han forresten saman med koret, der to av hans søskenbarn, John og Øystein Moe frå Todalen, er med.

Kreativ komponist

Organist, oratorie- og operakomponist Ole Karsten Sundlisæter – no også med gedigen salmesamling.

Den 46-årige organisten Ole Karsten Sundlisæter frå Støren er ikkje berre kveldens akkompagnatør og orgelsolist. Som komponist er han ustoppeleg kreativ. Men trass i storverk som oratoriet «Olav den Helliges dåp» (til tekster av vår eigen Dordi Glærum Skuggevik) og operaen «Haugtussa i Helheim» er han enno relativt ukjend for mange. Han er utdanna i Trondheim og Paris.

Eit utslag av både melodisk skaparevne og enorm arbeidskapasitet er verket som, i alle fall på Nordmøre, får sitt «slepp» denne kvelden: Salmesamlinga «Der går en elv i hvert et våkent hjerte». Her har Sundlisæter komponert over 150 nye salmetonar, alle til tekster av Terje Haugdal.

Her blir publikum i Stangvik av dei første i landet som får høre, og synge med på, mykje friskt og vakkert melodistoff. Saman med kor og komponist er solist Bjørkøy ambassadør for eit songverk han karakteriserer som svært vellykka, ikkje minst fordi komponisten tør å laga nytt stoff enkelt og stilfullt!

Vertskoret Prosjekt 17 syng med i salmelanseringa, både fleirstemmig og i unison allsong. Forutan ein bukett eigne korsongar deltek dei saman med Bjørkøy i «Salme 24» av Wennerberg og som nemnt i «Landkjenning» av Grieg og Bjørnson.

Powered by Labrador CMS