Nytt frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Skjermdump frå Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside.

Ny asfalt på 1,2 km fylkesveg i Surnadal i år

Publisert Sist oppdatert

Møre og Romsdal fylkeskommune skal legge 113 kilometer asfalt på fylkesvegane i år. No varslar fylkeskommunedirektøren samferdselsutvalet om at det er behov å auke ramma til asfaltering med 43 millionar i 2022 for å gjennomføre naudsynte reparasjonar og kritiske vedlikehaldstiltak.

Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider onsdag.

Surnadal sin del av potten er 1.268 meter med ordinær dekkelegging frå krysset mellom fv 670 og fv 6156 på Skei og vidare på fv 6156 til Øye (sjå illustrasjon over).

Løyvinga til asfalt i år er 55 mill. kr eks. mva. I tillegg kjem 35,4 mill. kr eks. mva til forsterking av dei svakaste fylkesvegane og 29 mill. kr eks. mva frå regjeringa si tilskotsordning til fylkesvegar.

Kostnadane til asfaltering har auka vesentleg som følgje av auka oljeprisar og usikkerheit mellom anna om tilgang på råvarer. Det fører til at færre fylkesvegar blir asfaltert enn det som var planlagt.

Asfalterer 113 km

Møre og Romsdal har om lag 3200 km fylkesvegar. 85,5 km av desse får ny asfalt i 2022. I tillegg blir det gjort ein større jobb med forsterking av 27,4 km fylkesvegar, gjennom drenering og styrking av vegkroppen. Her blir det også lagt ny asfalt.

Prioritering

Fylkesvegane som får asfalt blir prioritert ut frå trafikkmengd, samfunnsfunksjon, måling av spor og ujamnheit og visuelle inspeksjonar. Det gjer at det er mange trafikantar som får nyte godt av asfalten som blir lagt.

- Høgare asfaltprisar gir færre kilometer asfalt. Vi ser også no når vinteren er på hell at det er eit høgt tal strekningar som har fått vesentleg forverra tilstand. Spesielt på vegar med låg trafikk må folk vere førebudd på at vi berre kan gjere mindre tiltak for å sikre tryggleik og framkome og trafikantane må ta omsyn til at vegen ikkje vil vere i god stand, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Powered by Labrador CMS