Surnadal NTN Taekwon-Do klubb:

Coach Kjell Gunnar Polden saman med Karin Jonsgård som tok gull, Aurora Dønheim Berle som tok sølv og bronse, og Heidi Fiske som tok to sølv I Dutch Open i helga.

Eit gull, tre sølv og ein bronse i Dutch Open

Publisert Sist oppdatert

Tre jenter frå Surnadal drog til Nederland på Dutch Open. Dette er ei av dei største og hardaste turneringene i ITF Taekwon-Do i Europa, med deltakarar frå ei rekkje land både i Europa og utanfor.

Coach Kjell Gunnar Polden er kjempestolt av dei tre jentene.

– Det er enormt gode prestasjonar. Dei sjølve hadde ikkje så store forventningar og er overraska over resultata, men det er ikkje eg, seier Kjell Gunnar.

Karin Johnsgård tok gull i sparring rødt belte senior 56-75kg

Han fortel om jenter med høg treningsmoral.

– Det ligg mange treningstimar bak resultata i helga. I tillegg underviser dei alle parti i klubben. Det eksisterer ikkje primadonnaer i Surnadal Taekwon-Do klubb, seier Kjell Gunnar.

– Jentene har veldig gode haldningar og er alltid blide. Det er lov å vera skuffa etter eit tap, men det tek ikkje lang tid før smilet er på plass igjen.

Heidi tar med seg to sølvmedaljar heim til Surnadal etter Dutch Open
Det vart eit knepent tap for Aurora Dønheim Berle i finalen i sparring.

Det er sølv-vinnar Aurora Dønheim Berle sitt første meisterskap som senior. Ho reiser til Trondheim kvar søndag for å trene på sparring. Ho hadde ikkje ambisjonar om å vinne medalje under Dutch Open.

– Eg er skikkeleg overraska over sølvet. Det er kjempeartig!

Aurora var eit fattig poeng unna gullet i finalen i sparring, men er likevel storfornøgd med konkurransen.

– Det har vore ei super helg, og så er det så artig at vi alle kjem heim med medaljar, seier Aurora.

Resultat:

Heidi Fiske:

- sølv mønster 1. Dan junior

- sølv overall sparring up to 55 kg junior

Karin Johnsgård:

- Gull sparring rødt belte senior 56-75 kg

Aurora Dønheim Berle:

- Bronse sparring sort belte senior 57-62kg

- Sølv sparring overall sort belte senior up to 62

Powered by Labrador CMS