allan troelsen

Surnadal Sparebanks næringslivsdag i gang

Den 16. utgåva av Surnadal Sparebank sin næringslivdag er i gang. – Det har vore ei fantastisk utvikling her på Nordmøre, og vi har fullt av mulegheiter. Vi må saman jobbe for å vidareutvikle desse mulegheitene, og då må vi finne møteplassar som kan vere med på å styrke aktiviteten i lokalsamfunna våre, seier banksjef Allan Troelsen.

I overkant av 200 påmeldte var samla i Storstuå ved Surnadal kulturhus då banksjef Allan Troelsen onsdag morgon ønska velkommen til Surnadal Sparebank sin næringslivsdag.

Dette er 16. gong næringslivsdagen blir arrangert, og representantar frå både næringsliv, lag og organisasjonar var til stades for å få med seg det varierte programmet.

Troelsen innleidde med å understreke viktigheita av å gje kundane gode opplevingar, og det å klare å kombinere det å vere gode på personleg rådgjeving med å vere konkurransedyktige på digitale løysingar. 

Banksjefen snakka og om korleis bedriftene er avhengige av attraktive lokalsamfunn og ein attraktiv region:

– Det har vore ei fantastisk utvikling her på Nordmøre, og vi har fullt av mulegheiter. Vi må saman jobbe for å vidareutvikle desse mulegheitene, og då må vi finne møteplassar som kan vere med på å styrke aktiviteten i lokalsamfunna våre.

Frivilligheita og engasjementet frå lag og organisasjonar vart og trukke fram som viktig for lokalsamfunnet i Surnadal og nærområdet. 

– Entusiasmen frå desse er med på å gjere samfunnet vårt rikare, seier Troelsen, som omtalar banken si støtte til frivilligheita som noko av det viktigaste dei gjer.

– Det er utruleg viktig for oss å vere med og støtte lokal aktivitet, og vi er og opptekne av å ha tett samarbeid med skular. Vi ønsker å bidra til å skape aktivitet og attraktivitet, og denne næringslivsdagen bidreg og til nettopp dette, seier Troelsen, og legg til:

– Hensikta til banken er å skape verdiar og utvikling for omgjevnadene våre, så det er vi naturleg nok veldig opptekne av.

Først ut av foredragshaldarane under næringslivsdagen er Eva Husby frå Føniks Vask & Rens, og deretter får publikum i tur og orden høyre Eirik Sevaldsen, Jon L. Andreassen, Claus Sonberg, Julie Brodtkorb, Robert Mood og Roger Finjord. Konferansier er Bente Krangnes Edvardsen. Meir om programmet finn du ved å trykke her.
 

Surnadal Sparebank er medlem av Trollheimsporten.