Banken Wigum og Troelsen

Surnadal sparebank melder:

Surnadal sparebank vil ha deg som medeigar

Surnadal Sparebank vil frå i morgon, fredag 23.2 kl 0900, gjennomføra ein ny emisjon av egenkapitalbevis. Det vil seia at kven som vil, kan bli medeigar i banken og ta del i ei lønsam bedrift med 175-års historie.

Banksjef Allan Troelsen og administrasjonsleiar Karina Wigum oppmodar interesserte til å benytta seg av anledninga til å bli medeigar i Surnadal sparebank. Det er opna for salg av eigenkapitalbevis i perioden 23. februar til 9.mars. Tegningskursen er 105 kr pr. eigenkapitalbevis, og minsteteikning er 100 eigenkapitalbevis. Wigum presiserar at ein ikkje treng å vera kunde i banken for å vera med på dette. Alle som ønskjer det, kan kjøpa seg inn som medeigar

Troelsen kunne fortelja at i fjor fekk eigenkapitalbeviseigarane ein gevinst på 9,5% som kan seiast å vera ein god avanse på invisteringa.

Det vil bli arrangert infomøter der alle interesserte kan komma for å høyra meir om dette, og Troelsen og Wigum ønskjer stort oppmøte!

Infomøtane blir i Surnadal tirsdag 27.2 kl 18 (etter næringslivsdagen) i banken, onsdag 28.2. kl 18-20 i Kristiansund (Havnekontoret), torsdag 1. 3. kl 19-21, Trondheim (banken), og laurdag 3.3. kl 11-13 i Surnadal (banken)

Banken tek gladeleg imot spørsmål vedrørande dette, så ta kontakt direkte med banken eller sjå bankens nettside her.