Stor interesse for bunadkunst

Stappfullt hus vitna om stor interesse for bunadtradisjon da Ole Kristian Gundersen kåserte på museet i Bøfjorden søndag.

2018 07 15 Bunadkunst a Ole Kr Rannei Rødset Nonnon H_690x445.jpg
Rannei Rødseth (i midta) lærte John Nonnon Heggem (t.h.) å saume denne mannsbunaden på 1990-talet. Ole Kr. Gundersen til venstre.

Sjukepleiaren med bunadveving som deltidsjobb og musikk som velpleidd hobby formidla stor historisk kunnskap, eigne ferdigheter og glød for vidareføring av bunadstradisjonen på Nordmøre. Samtidig forskar han stadig på emnet. Slik kunne han glede seg over verdifulle innspel frå folk i salen. Alt ligg an til å bli bok av stoffet.

Først gav han eit kort historisk riss frå landsmoder Hulda Garborg via lokal drakttradisjon fram til  mellomkrigstida, da begrepet «nordmørsbunad» slo an for fullt.

Farstad-vesten

Dei frammøtte fekk eit fascinerande bilete av Inga Farstad frå Straumsneset og hennar utvikling og nyskaping av kunsthandverket. Dette nådde sitt store høgdepunkt i «Farstad-vesten». Inga gjorde eit imponerande og grundig arbeid – også med forsking på tradisjon, stofftypar og mønster - saman med blant andre Lisbet Børset. Før ho starta for fullt med bunader og vestar, vov ho dei løvemønstra gardinene til røykjesalongen på kongeskipet «Norge»!

«Oldemors stas»

Både foredragshaldaren og publikum hadde teke med seg flotte eksempel på både eldgamle bunadsplagg og sjølvlaga drakter. Særleg god årgang kom frå Todalen – mellom anna vesten og beltet frå Austigard Kvennset som vi finn att på Dorothea Follestad sitt måleri «I oldemors stas» frå 1911. Eit par ekte Farstad-vestar hang også saman med plagg og komplette bunader i salen.

Mannsbunad

Nonnon Heggem hadde med sin eigensydde mannsbunad. I 1995 gjekk han kurs hos Rannei Rødseth – som har mykje av æra for å gjenlanseringa av skinnbrok og kara-bunad. Rannei var sjøl til stades på museumsdagen. Med sin solide bakgrunn som entusiastisk bunadkyndig innan Nordmøre Ungdomslag, Noregs Ungdomslag og det landsomfattande Bunad- og folkedraktrådet hadde ho gode innspel da ordet vart gjeve fritt etter Gundersen sitt foredrag.

Beundring

Mange andre tok også ordet og beviste at interessa for bunader står sterkt på Nordmøre. Og som Rannei Rødset sa: - Nordmørsbunaden er den vakraste i landet. Men det er viktig at dei ekte tradisjonane blir ført vidare.

Både ho og andre uttrykte glede og beundring over at Ole Kristian Gundersen på så overbevisande måte gjer nettopp det. 

Artig var det også at musikaren Ole Kristian knytte saman tekstilkunst og tonekunst ved å ta fram fela og på vakkert vis framføre lokale folketoneperler som Grautmarsjen og Julverset.

2018 07 15 Bunadkunst b Astrid Fiske og Synnøve Fiske Talgø OLDEMORS STAS_690x511.jpg

- Imponerande, synest Astrid og Synnøve Fiske Talgø om denne eldgamle vesten frå Austigard Kvennset i Todalen.    

2018 07 15 Bunadkunst c Montasje Kvendset 1911 & 2018_690x479.jpg
Vesten og beltet frå Kvennset i Todalen (til høgre i montasjen) er udødeleggjort av kunstnaren Dorothea i 1911 (t.v.) På måleriet «I oldemors stas» ser vi unge Margrete Kvendset som modell.

2018 07 15 Bunadkunst d Ole Kr spelar b_690x469.jpg
Med bunader som bakteppe klang Grautmarsjen og Julverset særleg flott på museet.

2018 07 15 Bunadkunst e Rannei Rødset_690x815.jpg
Rannei Rødseth frå Ålvundfjorden har lang fartstid som bunadkyndig på lokalt og nasjonalt plan. Ho kom med  gode innspel under «Ordet fritt».

2018 07 15 Bunadkunst f Interessert forsamling_690x450.jpg
Ole Kristian Gundersen hadde ei stor og lydhør forsamling. Bortimot 80 var innom museet – trass i strålande sommarver ute.

Bernt G. Bøe