LEDIG STILLING:

Overingeniør

Trykk her for å se hele stillingsutlysningen hos Jobbnorge.no

Om stillinga

Kontorstad for stillinga er Surnadal og arbeidet vil i hovudsak vere knytt til saker på Nordmøre og nordre Romsdal. Ein må likevel rekne med å delta i saksavvikling innanfor heile rettskretsen.

Arbeidsoppgåvene omfattar teknisk saksførebuing, samt teknisk gjennomføring av saker domstolen har heimel til å behandle innanfor sin rettskrets. Landmålingstekniske oppgåver består bl.a. av innmåling, utsetting og merking av grenser, berekningar og skildringar av grenser, utarbeiding av kart samt GIS-arbeid.

Stillinga kan vidare innebere førebuing, planlegging og utredning av sakene i samarbeid med dommar. Avhengig av kvalifikasjonar kan det også være aktuelt å gjennomføre rettsmekling.

Stillinga vil medføre feltarbeid, til dels i ulent og krevjande terreng. Dette føreset at du har normal god fysisk helse. Stillinga medfører også noko reiseaktivitet, og det er krav om at du har førarkort for bil. Jordskifteretten er tilslutta ei felles bilordning.

Om deg

Vi ønsker primært at du har ingeniør- eller høgskuleutdanning innan landmåling, geomatikk og/eller eigedomsfag. God og relevant erfaring frå tilsvarande fagområder kan kompensere for kravet til formell utdanning. Det er ønskeleg med kompetanse eksempelvis innan tingsrett, mekling, verdsetting eller skogfag.Vi arbeider kontinuerlig med betring av domstolen sine digitale løysningar. Du vil derfor vere ein viktig bidragsytar i dette arbeidet.Du må ha gode samarbeidsevner, og kunne arbeide sjølvstendig. Du må kunne yte service og opptre på en objektiv og kontaktskapande måte overfor partane i jordskiftesakene. Vi føreset at du kommuniserer godt muntleg og skriftleg, og kan delta i dialog med partar, private og offentlige instansar på en god og forståeleg måte.

Vi tilbyr

Vi tilbyr ein spennande jobb i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss får du interessante og utfordrande oppgåver i eit breidt fagleg og godt sosialt miljø.Stillinga vert lønna etter Hovedtariffavtalane i staten som overingeniør (kode 1087), avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna blir det trekkt 2% innskot til god pensjonsordning i Statens pensjonskasse. På tenestereiser vert det gitt skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Arbeidskle m.m. vert kompensert i samsvar med særavtale.

For stillinga gjeld prøvetid på seks månader og den følgjer normalarbeidstida i staten.

Spørsmål

Spørsmål om stillinga kan rettast til jordskifterettsleiar Asbjørn Rogne, mobil 976 94 840.

Personopplysningar som vert oppgitt i søknad og CV til stillinga blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysninger.

Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på at opplysingar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. offentleglova § 25.

Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysingar om deg. Opplysingane vil kun bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysingane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.

Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du elektronisk via lenkje på denne sida ”Søk stillinga”. Alle attestar og vitnemål legg du ved samla i eitt vedlegg.

Søknadsfrist: 6. august 2021.

Om domstolen

Jordskifteretten er en særdomstol som arbeider med saker heimla i jordskiftelova.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedomar, klarlegging av rettsforhold til fast eigedom og fastlegging av eigedomsgrenser.

Møre og Romsdal jordskifterett har i dag 17 tilsette fordelt på rettsstadane Surnadal, Molde og Ørsta.

Rettskretsen omfattar alle 26 kommunane i Møre og Romsdal fylke pluss Rindal kommune i Trøndelag. Jordskifteretten ønskjer å vere utviklingsorientert, blant anna gjennom breidde og mangfald i arbeidsmiljøet slik at medarbeidarane skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg. Kvalifiserte kandidatar vert oppfordra til å søkje uavhengig av alder, kjønn og etnisitet.

For meir opplysningar om jordskiftedomstolane, sjå www.jordskifte.no.