ANNONSE, LEDIG STILLING:

Surnadal kommune sitt kommunevåpen

Ledig fast stilling som fysioteraput i Heimetenesta

Heimetenesta skal tilsette fysioterapeut i fast 100% stilling.

Stillinga skal inngå i det tverrfaglege arbeidet i Heimetenesta og som ein viktig del av rehabiliteringsteamet.

Hovudarbeidsoppgåvene er rehabilitering ved utskriving frå sjukehus eller institusjonsopphald samt førebygging av innleggelsar.

Arbeidet med å sette den enkelte brukar i stand til å meistre eigen kvardag er eit viktig fokusområde.

Deltaking i ulike prosjekt kan bli lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver:

- direkte pasientretta arbeid

- kartlegging og vurdering av behov for tenester

- tilrettelegging av heimesituasjonen samt utprøving av alternative tiltak i heimen

- vere pådrivar i tverrfagleg koordinering og samhandling

- førebyggande helsearbeid i pasientgruppa

- arbeid 3.kvar helg

Kvalifikasjonar:

- autorisasjon som fysioterapeut

- gode norskkunnskapar muntleg og skriftleg

- førarkort kl.B og kunne pårekne bruk av eigen bil

- kunne bruke ulike dataverktøy til til dokumentasjon og informasjon

Tilsettingsvilkår:

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling

Søknadsfrist 23.06.2024

Les meir og søk på Surnadal kommune si heimeside

Powered by Labrador CMS