ANNONSE, LEDIG STILLING:
Kommunalsjef Livsløp
Vil du vere med og leie samfunnsoppdraget i kommunen vår?
Surnadal kommune skal tilsette ein engasjert og tydeleg Kommunalsjef Livsløp som er opptatt av å utvikle eit inkluderande livsmeistringssamfunn frå "vogge til grav".
Stillinga er ei ny nøkkelrolle i kommunedirektøren si strategiske leiargruppe, og du får ein unik sjanse til å forme rolla frå grunnen av. Stillinga vil ha stor gjennomslagskraft i lokalsamfunnet.
Samfunnsoppdraget vårt er å skape eit samfunn der alle innbyggarane kan oppleve tryggleik, vekst og eit godt liv gjennom heile livsløpet.Kommunalsjef Livsløp har oppvekst og helse og omsorg som sitt arbeidsområde.
Kva får du?
- Du får utøve leiing med stor gjennomslagskraft ved at du har det overordna ansvaret for å vidareutvikle og leie viktige tenesteområde i kommunen. Du får vide rammer til å utfordre det vi har i dag og drive fram prossar for kontinuerleg forbetring og innovasjon.
- Handtere omstilling gjennom å ha mot til å prioritere og leie organisasjonen gjennom endringsprosessar knytt til berekraft, ressursbruk og digitalisering.
- Bygge godt leiarskap ved å utvikle og motivere kompetente einingsleiarar. Du har som mål å styrke Surnadal kommune som ein attraktiv arbeidsgjevar.
- Assisterande kommunedirektør. Til stillinga ligg funksjonen som assisterande kommunedirektør. Innhald m.v i funksjonen vil bli avklart i dialog med kommunedirektøren vår og vil bli tilpassa den som får stillinga som kommunalsjef.
Kjerneoppgåver:
Oppdraget ditt er å sikre forsvarleg, framtidsretta og samla drift og utvikling av tenesteområda i Livsløp-sektoren med fokus på:
- Strategisk utvikling: Utøve overordna fagleg, administrativt og økonomisk ansvar. Du sikrar at tenestene møter menneska der dei er.
- Endrings- og innovasjonsleiing: Vere ein pådrivar for innovasjon og med evne til å tilpasse tenestene og organisasjonen i takt med endringane i Surnadalssamfunnet.
- Leiarutvikling og personalansvar: Leie og motivere leiarane i sektoren og fremme ein kultur for samarbeid, åpen kommunikasjon og tillit, basert på kommunen sine verdiar.
- Politisk samhandling: Sikre god dialog og saksbehandling opp mot politisk nivå.
Kven er du?
Du er ein samfunnsbyggar som er levande opptatt av folk og samhandling, og som evner å balansere mange omsyn.
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå.
- Leiarerfaring frå komplekse organisasjonar, gjerne frå kommunal verksemd.
- Dokumenterte resultat frå endringsleiing, organisasjonsutvikling og budsjettansvar.
- Erfaring frå personalarbeid og oppfølging av medarbeidarar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Vi ser særleg etter deg som:
- Er ein tydeleg og trygg leiar med god rolleforståing.
- Kan motivere tilsette med brei og god kompetanse innafor ulike fagområde.
- Har engasjement for å bygge "framtidskommunen" og evne til å gjennomføre endringar i det beståande.
- Er analytisk og har godt blikk ofr strukturert, systematisk og systemisk arbeid.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt høgt i vurderinga av kandidatane.
Vi tilbyr:
- Ei interessant og spennande leiarstilling, der du får delta både i strategisk arbeid, samfunnsutvikling og drift av kommunen.
- Ei sentral rolle for deg som vil påvirke og vidareutvikle Surnadal kommune som ein attraktiv stad å bu og leve i.
- Lønn etter avtale.
- Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknad og prosess:
Vi ønskjer at arbeidsplassane i Surnadal kommune skal vere prega av mangfald og inkludering og at medarbeidarane vår skal spegle befolkninga i kommunen elles.
Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande og fortruleg samtale:
MindMap v/partner Yngve Kruse, tlf 99393707
MindMap v/partner Linda Kristin Offenberg, tlf 97644848
Kommunedirektør i Surnadal kommune Lars Inge Kvande, tlf 95188822
Om offentleggjering av søkarar:
Surnadal kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det inneber at du som for søkar må begrunne særskilt kvifor du ønsker unntak frå offentleggjering. Kommunen vurderer eventuelle søknader om unntak etter reglane i offentleglova.
Dersom søknad om unntak ikkje blir innvilga, vil søkaren bli kontakta og får høve til å trekke søknaden på stilling før søkarlista blir gjort offentleggjort.
Søknadsfrist 11. januar 2026