ANNONSE, LEDIG STILLING:
Helsefagarbeidarstillingar i Heimetenesta- Faste 100% stillingar
Desse stillingane var lyst ut med søknadsfrist 25.08.2024.
På grunn av ein feil i rekrutteringssystemet , har ikkje alle søknader vorte registrert inn rett på rett måte og vi har dessverre ikkje kontaktinformasjon på nokre av søkarane.
Det er difor bestemt at stillingane blir lyst ut på nytt.
Søkarar som har kome gjennom med søknad og har motteke bekreftelse på dette og blir overført til denne nye utlysinga. Dei treng da ikkje å søke på nytt.
Vi beklagar det som har skjedd, men no skal alt vere i orden med mottak av søknader igjen.
Helsefagarbeidarstillingar i heimetenesta i Surnadal kommune.
Vi har ledige faste 100% stillingar i Heimetenesta.
Stillingane inngår i turnus, med arbeid f.t tredje kvar helg med arbeidsoppgåver i heimesjukepleia og elles innan tenestene vi gir.
Arbeidsoppgåver:
- pleie- og omsorgsarbeid
- respons på tryggleiksalarmar
- dokumentasjon og oppfølging av tiltak
- tverrfagleg samarbeid
- opplæring og rettleiing av elevar, lærlingar og vikarar
- samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse og andre
Oversjukepleiar er næraste overordna.
Kvalifikasjonar/krav til kompetanse:
- autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar. Andre med helsefagleg bakgrunn kan søkje
- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- god skriftleg og muntleg framstillingsevne og god kommunikasjonsevne på norsk
- kunne bruke digitale verktøy til dokuementasjon og innhenting av informasjon
- fagkompetanse og basiskompetanse som bidreg positivt til fagutviling og arbeidsmiljø
- førarkort kl.B
- tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader
Personlege eigenskapar og fortrinn
Vi ønskjer oss medarbeidarar som er/har:
- fagleg trygge
- motivasjon for å lære og som er pådrivarar til utvikling og endring
- vilje og evne til sjølvstendig arbeid
Søknadsfrist: 20.september 2024