ANNONSE, LEDIG STILLING:

Fastlegeheimel i Surnadal kommune

Surnadal kommune har ledig fastlegeheimel ved Surnadal legesenter DA.

Den ledige heimelen har eit listetak på 900 pasientar.

Kommunen har til saman seks fastlegeheimlar og ein LIS1, alle er lokalisert ved Surnadal legesenter.

Legesenteret blir drive som eit DA og har tilknytt hjelpepersonel. Lokala er fine og funksjonelle og ligg i sentrum av bygda.

Surnadal kommune er innehavar av fastlegeheimelen. Som fastlege arbeider du som sjølvstendig næringsdrivande etter ei såkalla "nullavtale" (ASA 4310 pkt 8.2).

Det er mogleg å velge tilsetting i fastløna 100% stilling.

Søknadsfrist: 16.10.2022

Les meir på Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS