ANNONSE, LEDIG STILLING:

Bu- og aktivitetstenesta: Vikariat og engasjement som tilkallingsvikar

I Bu- og aktivitetstenesta har vi ledige vikariat og engasjement som korttidsvikar.

Vi har stillingar i ulike stillingsstørrelsar for helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar og assistentar.

Vi har også stillingar på helg som passar godt for studentar som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning eller pedagogisk utdanning.

Skriv gjerne i søknaden om kva utdanning du evt er i gang med.

Ut frå brukarane sine behov vil det i nokre stillingar vere nødvendig å tilsette menn og i andre stillingar kvinner.

Opplæring vil bli gitt. Det er krav om førarkort kl.B.

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.

Vi kan tilby:

- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø

- studentavlønning

- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn

- gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknader vil bli behandla fortløpande. Frist: 31.12.22

Powered by Labrador CMS