Søndag
Søndag Regn
19°
Regn
Svak vind
Mandag
Mandag Delvis skyet
19°
Delvis skyet
Lett bris
Henningtimen4

Sterkt og variert program under Vårsøghelga

Som seg hør og bør er Henning Sommerro sjølv hovudartist under Kleivakvelden, når Vårsøghelga vert arrangert for 25. gong i slutten av mai. I tillegg kjem sterke namn som Edvard Hoem, Brazz Brothers, Sigrid Vetleseter Bøe og Jon Skogstad.

Vårsøghelga starta som ein enkel kulturkveld på Kleiva i førre årtusenet, og det finst vel ikkje ein betre måte å markere jubileet på enn at sjølve Vårsøghelgas far, Henning Sommerro, skal vera hovudartisten på jubileumskleivakvelden 25. mai. Med seg har han både Sigrid Vetleseter Bøe, andre gode, lokale aktørar og så klart Vårsøghelgas bror, John Pål Inderberg.  I tillegg skal den flunkande nye Kleivascena innviast med brask – og Brazz Brothers-bram!

Brazz Brothers vil forøvrig gå i spissen for Surnadal Hornmusikk og skulekorpsa på eit jubileumsopptog «Skei rundt». Laget Vårsøg oppmodar alt folk, lag og foreiningar til å vera med å lage liv og røre i opptoget som vil gå forbi sjukeheimen, før det endar opp framom kulturhuset, der det vil bli minikonsert, gratis is til ungane og opning av Vårsøghelga og kunstutstillinga i Finstuå.

_BrazzBross-Foto PederOttoDybvik (1).jpg
Brazz Brothers kjem til Surnadal i samband med Vårsøghelga (Foto: Peder-Otto Dybvik).
 

Vårsøgkunstnaren i år er Jeramy Welsh. Han har utstilling i Finstuå samt at han vil bidra med lysprojeksjonar til lyden av ein progressiv gjeng musikarar på Surnadal Billag på fredagskvelden.  

Samtidig som den 25. Vårsøghelga altså skal feirast til gangs, markerer òg Vårsøghelga at det er 250 år sidan Ole Andreas Lindeman, ein annan bauta i Surnadalskulturen, vart født i Surnadal i 1769. Lindeman-jubileet vil bli markert ved fleire høve gjennom helga, men den største festivitasen blir på på fødegarden Øverlandet, der publikum mellom anna får oppleve barokkdans og cembalomusikk av Surnadalingen Jon Skogstad, samt vakker song av éin av våre fremste sopranar, Hilde Gjermundsen.

Edvard A. Hoem har alltid vore ein trufast ven av Vårsøghelga og ønskjer òg å delta på jubileet som årets festivalforfattar. Romsdalingen, som òg feirar 70-årsjubileum seinare i år, har gjort enorm suksess med dei siste bøkene sine basert på utvandringshistoria i slekta si, som vi får høyre meir om i bokprogrammet. Hoem sine tekster vil òg prege årets kyrkjekonsert i Stangvik kyrkje.  

Laget Vårsøg trekkjer òg fram siste post på jubileumsprogrammet: Søndag kveld byr solopianist Mona Spigseth på eit svært spennande program i Surnadal kulturhus. Spigseth held lanseringskonsert i Surnadal under Vårsøghelga og vil, saman med  Trondheimsolistene, framføre to verk av komponistane Bertil Palmar Johansen og Henning Sommerro. «Vegen» er eit nyskrive variasjonsverk over Sommerros «E slåttatæja». Trondheims-baserte Johansens eine stykke på denne konserten er forøvrig inspirert av rotter (!) og utvikla i samarbeid med Nobelprisvinnaren Anne Brit Moser.

I det fullstendige programmet er det sjølvsagt òg gitt god plass til ungane – både gjennom den store diktmønstringa, teater for barnehageborna og Henningtimen for ungdomskuleelevane. Laurdag blir det òg tradisjonen tru Vårsøgtorg, og i jubileumsåret vil det blir fleire utstillarar innan kortreist mat og lokalt handverk, samt at det óg vil vere små programpostar på torgområdet.

Tips en venn Skriv ut