Bjørn Buan 3

Pressemelding:

Statusoppdatering lokal smittesituasjon

Det er framleis kun påvist eitt nytt tilfelle av covid-19 i Surnadal kommune og det pågår smittesporing. 

Bildet: Kommuneoverlege Bjørn Buan (Foto: Surnadal kommune)

Presisering tysdag kl. 14:41
Vi ønskjer å presisere at det så langt ikkje er påvist smitte hos tilsette eller deltakarar på eininga Vaksenopplæring og integrering, eininga er stengt som eit førebyggande tiltak medan smittesporing pågår. Landbrukshuset er ope som normalt.

Personar som har vore i nær kontakt blir kontakta for testing. Nærkontaktar følgjer karantenebestemmelsane. Skulle det bli påvist smitte går desse over i isolering. Kommuneoverlegen rosar alle involverte for godt samarbeid, også dei som er direkte berørte.

Beredskap og kapasitet for handtering av smittesporing og iverksetting av smittevernrutiner i våre tenester, er per i dag god, seier Bjørn Buan. - Vi er ikkje overraska over at vi får påvist smitte etter ferien, også i Surnadal. Terskelen for å be om testing skal vere låg. Det er positivt at folk testar seg, slik at vi kan få avdekt muleg smitte og hindre oppblomstring. Framleis gjeld råd om godt smittevern for oss alle: å halde 1-meters avstand, ha god handhygiene og å halde seg heime ved symptom på sjukdom.

Under ein pressekonferanse på Teams onsdag vil kommuneleiing og kommuneoverlege gi ei orientering og svare på spørsmål kring smittesituasjon, skulestart og smitteverntiltak knytt til å oppretthalde gode og trygge kvardagar for alle, også i tida framover.