Skuteprat a Inge og Ole Museet 2019 09 15

Skuteprat på museet

Søndag fekk Bøfjorden Historielag nok eit flott tilskot til samlinga på sjøbruksmuseet. Ole Kristen Skuggevik donerte eit praktfullt måleri av fullriggaren «Preussen» og fortalte historia bak skipet som i si tid var største segslkuta i verda.

Bildet over: Gjett kva praten handlar om når historielagets eks-skuteskipper Inge Dønheim (t.v.) møter ein ekte sjømann som Ole Kristen Skuggevik med «Havets Dronning» i glas og ramme? Biletet er kopi av Johannes Holst sitt originalmåleri.
 

Inge Dønheim i historielaget var rette mann til å ta imot gåva. Han er ein av dei få som i dag kan kalle seg «seglskuteskipper» - etter at han i fleire år førte den restaurerte hardanger-galeasen «Anne Margrethe». Slik vart det ein interessant skuteprat mellom gjevar og mottakar om den avbilda fullriggaren «Preussen» og andre historiske farty i det maritime miljøet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum denne søndagen.
 

Størst i verda

Vi tenkjer gjerne at segskutetida tok slutt på 1800-talet. Difor overraska det mange under balldagen på sjøbruksmuseet da Ole Skuggevik kunne opplyse at «Das Vollschiff Preussen» vart sjøsett så seint som i 1902 på verftet i Geestmünde ved Bremerhafen.

- Ho var største seglskip i verda, rundt 130 meter lang og hadde ei seglflate på 5,5 dekar (!) når alle 43 segla var oppe, sa gjevaren. – «Preussen» var bygd av stål, lasta 8000 tonn og gjorde på det meste 17 knops fart.

Den høgaste av dei fem mastene raga 58 meter til vers, opplyste Ole. Det tilsvarar mesta breidda av ein fotballbane!
 

Kort liv og trist lagnad

Dessverre fekk ikkje den prektige skuta, med tilnamnet «Havets Dronning» noko langt liv. Hausten 1910 vart ho pårent av ferja «Brighton» ved innløpet til Dover ved den engelske kanal, dreiv på land og vart liggjande. Under første verdskrigen vart vraket nytta som treningsmål for engelske militærfly. Staselege «Preussen» («Die Kønigin der See») fekk altså ein trist lagnad.
 

Skjømla og nothenga

Ole Kristen Skuggevik bur på Gyl, men er frå Glærem i Surnadal og har hatt mykje av sitt liv til havs.

Som 14-åring gjekk han sjøl ombord i ein fullriggar - skuleskipet «Sørlandet», dit han forresten vendte tilbake også som vaksen sjømann.

Tenåringen Ole var med på landnotfisket etter sild. – Ja, ei slik ei har eg bruka! seier han spontant under samtalen vår og tek tak i skjømla oppe i robåten på museet. - Eg handterte både denne og sildloddet, og eg hugsar vi tørka not i henga her på Skrøvsetholmen!
 

Viktig kulturhistorie

Seinare segla han utanriks med Wilhelmsen-båten «Tigre». Fotografi av denne gav han forresten til sjøbruksmuseet tidlegare i sommar.

Da oljelivet starta i Nordsjøen, var Ole med der, skyt søstera Dordi inn. - Etter ein periode som «roughneck» ved borestrengen på plattformen Dyvi Delta vart han dekkssjef på Gullfaks A, med krevande jobb i krana under skiftande arbeidsforhold.

Ole Kristen Skuggevik er oppteken av at samfunnet lett glømmer kva sjøfarten har betydd for folket vårt. – Vi må ikkje glømme den maritime historia. Difor er det fint at Bøfjorden Historielag har skapt eit miljø med sjøbruksmuseet der ein tek vare på denne kulturen, seier han.

Med dei to flotte bileta av «Tigre» og «Preussen» attåt sin store sjøfartskunnskap har han sjøl gjort mykje for å bevare denne delen av kulturhistoria vår.

Skuteprat b TIGRE Ole Kr Skuggevik.jpg
På 1950-talet var Ole og fleire andre nordmøringar mannskap på Wilhelmsens «Tigre».

 

Tekst og foto: Bernt G. Bøe