Onsdag
Onsdag Kraftige regnbyger
Kraftige regnbyger
Laber bris
Torsdag
Torsdag Skyet
Skyet
Lett bris
Skutehistorie c Modell Svanhild Ola Røe (1)

Skutehistorie på Sjøbruksmuseet

Sjøsalt lokalhistorie fengar tydelegvis. Mange møtte opp til «Skuter og stemmer» på museet i Bøfjorden søndag.

Bildet over: Ola Røe med modell av «Svanhild». Ho var bygd på Nordvik i 1889 (i Kjerringvollhagen i bakgrunnen). Gunnar Strand har laga modellen.
 

Bøfjorden Historielag har ei rik samling av historikk, foto og gamle lydopptak om seglskuter, fraktefarty og lokale sjøfolk. Slik vart det gjensyn og gjenhør med slofarty og sandfraktarar.


Atmosfære

Kjøkenet skapte duftande atmosfære med smaksprøver av tørrfisk på borda. Deretter stod «slofarten» - med lofotskrei til kleppfiskberga på Nordmøre - sentralt.

Prektige skuter segla inn på lerretet. «Brødrene», «Embla», «Fosna», «Dyrafjeld» og «Svanhild» var alle bygde på Nordmøre – med enkel reiskap som delvis finst på dette museet.

Skutehistorie a Norden på lerretet.jpg
Galeas «Norden» i frisk seilas på lerretet.


Arkivopptak

I opptak frå 1960 via CD-spelaren fortalte Kristian Aarnes om friske og dramatiske turar med Hamnes-jakta «Brødrene». Like eins gav Peder Sjøflot (Baugen, 1887-1983) levande og muntre glimt frå matroslivet på «Embla» og kappsegling langs kysten.

Opptak med frakteskipper Arne L. Bøe dokumenterte at «Kristiansund by er oppattbygd etter krigen for det meste med sand frå Surna». Og det han sa om utviklinga av lastemetodane frå trillebår via kaffesekker (!) til moderne grabb og vinsj fascinerte dei frammøtte.

Skutehistorie b Lydarkiv Kr Aarnes P Sjøflot.jpg
CD-spelaren formidla arkivopptak med Kristian Aarnes (t.v.) og Peder Sjøflot.
 

Utnamn og ramsalte replikkar

Karen Waag, Karl Sæther og andre i salen hadde interssante kommentarar om farty og folk som dukka fram på lerretet.

Innimellom kom det artige utnamn på båtane – «Kikjehostin» og «Ølosten», «Krumkakå» og «Laupen». Forutan ramsalte replikkar frå skipperar og staute sjøulkar. Som det Ola Drøpping på «Svanhild» sa om krafta som måtte til for å få-opp storseglet: - Sa ander tek-ti det dem e’ god-te. Men eg, eg lyt ta-ti tess det bli, eg!

Skutehistorie d Sprøytå på lerretet.jpg
«Sprøytå» (Sluk I) passerer Bøfjorden med sandlast frå Surna til Kristiansund.

Skutehistorie e Carina Mayse.jpg
Carina og Mayse ståka på kjøkenet og poserer her i nye museumsforklede.

 

 

Innsendt av Bernt G. Bøe

Tips en venn Skriv ut