Picasa

Vårsøghelga 2017

Skule og samferdsel viktigast i Drivadebatten

Rindal ser ut til å få høre til det fylket som dei vil, og Halsa blir trønderar etter samanslåing med Hemne og deler av Snillfjord, vart det konstatert ved starten av debatten, men kva med Surnadal?

IMGP8226.jpg
Panelet bestod av ordførar i Meldal, Sør Trøndelag, Are Hilstad, Halsa-ordførar Ola Rognskog, redaktør i Driva, Sigmund Tjelle, arrangør, fylkesordførar Jon Aasen (Ap), Pipelife-sjef Kjell Larsen og vgs-elev Lilly Viktoria Mo Sandberg.

IMGP8220.jpg
Henning Sommerro opna samlinga på sin måte, med ein musikalsk trall.

IMGP8233.jpg
Svein Sæter var ordstyrar.

Jon Aasen var først ute av panelet. Det er nesten ingen som har bedd om regiondebatt, sa han, og viste til at det er dei to regjeringspartia Høgre og Frp som har programfesta at fylka skal bort. Større regionar kan vere ein veg mot det.

Han kjem sjølv frå ein utkant av fylket, Vanylven, men han har ikkje opplevd fylkesgrensa som noko hinder. Derimot har det med identitet å gjere. Har trudde ikkje at nokon kom til å forandre identitet etter denne debatten.

Kjell Larsen frå Pipelife såg saka frå sida til bedriftene. Det er dei som held liv i samfunnet både i regionane og i bygdene i utkanten. Transport og tilgang på arbeidskraft er avgjerande. Det betyr gode vegar for sikker transport, og vidaregåande skule som held ungdommane i bygdene som solid arbeidskraft.

For Pipelife er Fv65 svært viktig. Den tillet ikkje vogntog på 25m. Det gjer transporten til Pipelife dyrare og mindre miljøvennleg enn konkurrentane – dei må bruke fleire vogntog til transporten sin. Surnadal Transportsentral får også eit konkurransmessig handikap fordi dei har kortare vogntog enn konkurrentane og slik ikkje får den returlasten dei kunne hatt.

Han snakka også varmt for at Surnadal vgs måtte få behalde elevane frå Rindal og Halsa. Derfor ønska han Surnadal inn i Trøndelag.

Ordførar Are Hilstad frå Meldal ville ikkje blande seg inn i debatten, men gjorde merksam på at Regionrådet i Orklaregionen seier at Nordmørskommuner som ønsker å skifte fylke, er velkomne over til Trøndelag.

Lilly Viktoria Mo Sandberg, elev ved Surnadal vgs, var tindrande klar på at ho ville at Surnadal skulle tilhøre Møre og Romsdal, noko som gav henne klart sterkaste applausen.

- Vi må først finne ut kvar vi er og kva vi har. Så må vi analysere konsekvensen av kva ei flytting av fylkesgrensa vil ha.

Ho frykta for elevtalet ved skulen dersom Halsa og Rindal blir trønderar. Dersom skulen blir nedlagt, misser vi mange unge for godt. Sjølv hadde ho flytta med familien sin hit i barnehagealder fordi det var nære skular og barnehagar.

Ordførar i Halsa, Ola Rognskog var eigentleg for ein større midtnorsk region. No ser resultatet ut til å bli ein todelt region. Fylket Møre og Romsdal består, og Trøndelag blir det andre fylket. Halsa var vand med å vere utkant og har lite å tape ved å skifte fylke.

Dordi Skuggevik var først ute frå salen. Ho argumenterte sterkt for at Surnadal hørte til i Møre og Romsdal og såg gjerne at kystkommunane nordover mot Trondheimsfjorden kom attende til Møre.

Kjell Larsen ville ikkje bli trønder fordi han trudde det vart meir pengar til vegar da. Derimot trur han at det er ein fordel å allierer seg med næringslivet i Orkladalføret.

Are Hilstad var ikkje fornøgd med vegane i Meldal. Han løfta fram Orkdalspakken der både Fv65 og Fv700 er viktig. Han minte også om at Sør Trøndelag har ein av landets mest desentraliserte tilbud innan vidaregåande skular. Han var godt nøgd med satsinga til fylket ved Meldal vgs. Det tyder på at Sør Trøndelag ønsker at det skal bu folk i distrikta.

Eivind Hasle var født i Meldal, men hadde jobba mesteparten av livet i Møre og Romsdal. Han ønska ikkje flytting av fylkesgrensa. Han refererte til Røros som ikkje hadde så mykje positivt å seie om samarbeidet med Trondheim.

Bersvein Brøske var skuffa over at Halsa og Rindal ville skifte fylke.
- Det er fundamentalt feil å dele denne kvardagsregionen, sa han.

Så meinte han at det var klart at vi måtte få løyve til 25m vogntog etter Fv65. Både det og Todalsbrua måtte bli klar innan 2025.

Ordførar Ingunn Golmen frå Aure var enig i at vidaregåande skule er viktig for å behalde ungdommen og støtta ungdomsrepresentanten. Praktiseringa av opptak til vidaregåande skular over fylkesgrener må løysast mjukare.

Ordførar Ola T. Heggem, Rindal, ville helst hatt region Midtnorge. Når det no vert eit stort Trøndelagsfylke, er det ein viktig grunn for Rindal til å søke om grenseflytting. Når det gjeld vegar, så meinte Heggem at Staten no må prioritere vedlikehald framfor store utbyggingsprosjekt. Han vil arbeide sterkt for at rindalselevane framleis skal få bruke Surnadal vgs.

Kjell Larsen hadde ved mange høve lagt fram argumentasjon for kvifor vegane ut frå distriktet måtte tillate lange vogntog.
- Men det går ittj inn, sa han.

- Det er elles ikkje på Møresida problemet med lange vogntog er størst. Det er i Sør Trøndelag, sa Larsen.

Aasen uttrykte at Møre og Romsdal også i framtida ville vere opne for å ta imot elevar frå eit anna fylke, noko som opnar for elevar frå Rindal og Halsa om dei skiftar fylke.

Are Hilstad likte denne debatten. Det er lite engasjement i fylkespolitikken. Det ser ein på deltakinga ved fylkestingsvalg. Det blir ei vitalisering av fylkespolitikken når to fylke slår seg saman til eitt Trøndelag.

Ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim takka deltakarane for ein god og interessant debatt, og ho slo fast at samferdsel og skule var dei mest sentrale tema. Ho trekte også inn helse. I og med at St.Olav er sjukehus for Surnadal, så er folk her avhengig av god veg for å komme seg trygt til sjukehus, særleg til fødeklinikken.

Ho trudde elles at Halsa blir trønderar før Rindal, og at Surnadal er for mange til at Møre og Romsdal vil gje slepp på dei.

IMGP8218.jpg

Det var rundt 130 frammøtte i Svorkasalen i godveret. Det vitnar om stor interesse for dette temaet, men avgjerda skjer i andre fora.

Debatten vart streama på nett, men det var få som følgde streaminga som nok ikkje var særleg godt kjent.