Søndag
Søndag Regn
19°
Regn
Svak vind
Mandag
Mandag Delvis skyet
19°
Delvis skyet
Lett bris
ps IMG_8057 ingr

Skapar fullverdig klatretilbod

I juni åpnar Trollheimen Klatresenter AS dørene, og serverer klatreglade surnadalingar ein bortimot 30 meter lang buldrevegg på Skei. – Dette er eit tilbod som har mangla i Surnadal og omegn, seier Håvard Håskjold.

Ingressfoto: Trollheimen Klatresenter-gründer Håvard Håskjold viser Lisabeth Røe Sæterbø og Ingvild Kårvatn frå Trollheimen Klivarlag planene for det nye buldrerommet.

I fjor haust flytta Håvard Håskjold og kona Hege Fiske heim til Surnadal, etter mange år i Trondheim.

Dei to ivrige klatrarane sakna raskt eit godt tilbod for klatring og buldring i bygda, og bestemte seg like godt for å ta saka i eigne hender.

– Vi tenkte som så, at ein ikkje kan sitte og vente på at andre skal skape tilboda. Vi må trå til sjølve og, seier Håskjold.

Han har klatra i nærare 15 år, og saman med kona no etablert aksjeselskapet Trollheimen Klatresenter.

Dei startar bygging av ein 25-30 meter lang og 3-4 meter høg buldrevegg i mai, og satsar på åpning i løpet av juni månad.

– Det er absolutt målet. Vi driv dette på sidan av anna arbeid, så vi må sjå litt kor lang tid vi treng for å få alt ferdig. Snekkar er allereie bestilt, og bygginga startar i mai, seier Håvard.
 

Hovudfokus på buldring

Han snakkar om klatring og Trollheimen Klatresenter med eit brennande engasjement, og lite er tilfeldig når selskapet startar drifta om eit par-tre månader.

Klatresenteret skal leige dei noverande Bootcamp-lokala til Atleta, og bygge dei om til buldrerom, med eigen inngang. I tillegg tek Håskjold og Fiske over drifta av den allereie eksisterande tauklatreveggen.

– Atleta hadde høyrt at vi var på utkikk etter lokale, og kontakta oss. Det passa veldig godt for vår del, og eksisterande Atleta-medlemmar vil framleis kunne bruke tauklatringa etter at vi startar opp, seier Håskjold, og fortsett:

– Vi kjem til å ha sjølvbetjent buldrerom frå klokka 05-23 kvar dag, og mulegheiter for tauklatring når klatresenteret er betjent.

Håskjold fortel at hovudfokuset vil vere på buldring. Enkelt forklart er det klatring utan tau, på store steinar eller lågare klippeveggar, eller kunstige formasjonar laga for å likne slike.

Det krev dermed ikkje at nokon sikrar den som klatrar, og stiller ikkje store krav til spesifikt utstyr, men er rett og slett klatring i si reinaste form.

– Ein treng berre klatresko og kanskje litt kalk, så er ein i gang. Ein treng heller ikkje ta Brattkort-kurs for å drive med buldring, så dette er så lågterskel som ein kan få det.

Håskjold fortel at ein per i dag må enten til Trondheim eller Ålesund for å finne eit godt buldretilbod.

– Vi har ikkje eit fullverdig klatretilbod i Surnadal eller kommunene rundt slik det er no, og dei klatreveggane som er ber preg av at dei er drivne på dugnad, seier Håskjold, og presiserer:

– For å oppretthalde gode klatretilbod er det viktig at ein skapar nye utfordringar jamnleg, mellom anna ved å flytte (gripe)taka og skifte om på klatrerutene.

Skisse av buldrevegg.jpg
Denne skissa viser korleis den nye buldreveggen, som blir bortimot 30 meter lang, blir sjåande ut. (Skisse: Håvard Håskjold, Trollheimen Klatresenter AS).


Jaktar sponsorar

Satsinga til Trollheimen Klatresenter AS er naturleg nok ei betydeleg investering for Håskjold og Fiske, som allereie har fått tilkjent hoppid-midlar via kommunen.

I tillegg har dei søkt næringsfondet om midlar, og dei håpar på positivt svar når saka skal opp i formannskapet i april.

Selskapet har og søkt om stønad frå ulike legat, og er på utkikk etter sponsormidlar. Som eit ledd i sponsorjakta, vil dei etter kvart kontakte lokale aktørar.

– Vi har og laga ein «Startskudd»-kampanje, der folk allereie no kan kjøpe rabatterte årskort eller berre komme med bidrag til finansieringa. Surnadal Sparebank er med og sponsar ein iPad i uttrekkspremie til dei som støttar kampanjen vår, seier Håskjold.

I skrivande stund har kampanjen, som du finn meir informasjon om ved å klikke her, sikra selskapet 27.100 kroner.

Håskjold fortel at dei og har vore i kontakt med Nordmøre Folkehøgskule, som både har klatring valfag og friluftsliv som linjefag, og Surnadal Vidaregåande Skole si toppidrettslinje, om potensielle samarbeid.
 

– Kjempebra for klivarlaget

Trollheimen Klivarlag, som har om lag 120 medlemmar, er storfornøgde med at Trollheimen Klatresenter no byggjer buldrerom og etablerer eit fullverdig klatretilbod i kommunen.

– Dette er jo i tråd med tankar og urealiserte planar vi har hatt dei to siste åra, men som vi ikkje har jobba godt nok med. Ein må stå på skikkeleg for å få til noko slikt, og det har Håvard og Hege gjort, seier styremedlem Ingvild Kårvatn i klivarlaget.

Dei kjem til å leige faste tider hos klatresenteret, og vere ein naturleg og tett samarbeidspartnar. Tanken er at klivarlaget bidreg med utstyr til Trollheimen Klatresenter, som igjen gjev medlemmane i klivarlaget rabatt på medlemskap.

– Åpninga av klatresenteret blir kjempebra for oss, og vi vil bidra med det vi kan for å auke aktiviteten der, seier Kårvatn og leiar Lisabeth Røe Sæterbø, som trur dei fleste ville hatt godt av å drive med klatring.

– Ein treng ikkje vere verken sterk, lang eller smal for å klatre. Alle gjorde det då dei var små, men så slutta vi. Med det nye buldrerommet får folk ei kjempemulegheit til å klatre igjen, for ein er ikkje avhengig av andre enn seg sjølv, seier Kårvatn.

– I klatremiljøet konkurrerer ein stort sett med seg sjølv, og alle vil at alle skal gjere det bra. Meir organiserte idrettar passar ikkje for alle, og klatring gjev både auka kroppskontroll og sterkare kjernemuskulatur, seier Håvard Håskjold.

ps IMG_8033 ingr2.jpg
Håvard Håskjold frå Trollheimen Klatresenter AS og Ingvild Kårvatn, Lisabeth Røe Sæterbø og dottera Sigrid frå Trollheimen Klivarlag gler seg til klatresenteret åpnar i juni.
 

Drøymer allereie om utviding

På sikt håpar Trollheimen Klatresenter å kunne utvide.

– Det ligg naturleg nok litt fram i tid, men på Orkanger auka klatreklubben der medlemstalet sitt frå 100 til 700 det første året etter at dei fekk klatrehall, seier Håskjold, og legg til:

– Draumen for oss ville vore at vi fekk hekta oss på planane om ny fotballhall på Øye-området, då kunne lokala våre brukast i gymnastikk-faget. Men det er eit stykke fram dit for oss, og det avheng jo og av at fotballhallen blir realisert.

I første omgang er målet til klatresenteret at tilbodet deira skal vere så lågterskel og folkeleg som muleg.

– Vi vil bistå alle som treng hjelp, både med sjølve klatringa og utleige eller innkjøp av utstyr. Og klatring er ein sport som passar for alle, frå ein først klarar å halde seg fast og heilt til ein ikkje klarar det lenger, ler Håskjold.

Han er sjølv utdanna kursinstruktør, og har kjempetru på at Trollheimen Klatresenter kjem til å slå an blant surnadalingane.

– Ja, dette er eit tilbod som manglar både her i bygda og i kommunene rundt, og her vil folk kunne klatre i alt frå vinklar som ikkje er brattare enn ein litt skeiv stige, til det nesten umulige. Så her vil alle kunne finne noko som passar.

Du finn meir informasjon om Trollheimen Klatresenter på selskapet sine heimesider, https://trollheimenklatresenter.no/.
 

ps IMG_7983.jpg
– Ein kan ikkje sitte og vente på at andre skal skape tilboda. Vi må trå til sjølve og, seier Håvard Håskjold.

ps IMG_7961.jpg
Tore Korsnes og dottera Bea stortrivst i klatreveggen.

ps IMG_7995.jpg
Maja Gausen har klatra sidan ho var lita. Ho håpar og trur det nye klatresenteret vil gjere at fleire får augene opp for sporten.

ps IMG_8006.jpg
– Eg har eigentleg høgdeskrekk, så eg trivst aller best på tur opp veggen, ler Maja Gausen.

ps IMG_8061.jpg
Alfred Blomstrand Harang i akrobatisk stil i klatreveggen, godt sikra av pappa Lars Inge.
 

Trollheimen Klatresenter er medlem av Trollheimsporten.

Tips en venn Skriv ut