tp_leserinnlegg

Leserinnlegg:

Setrene på Dovre faller

No førstkomande tysdag skal forsvaret hjelpe Noregs miljøvernminister Elvestuen med å rive hus.  Husa står i vegen for villreinen visstnok. Den som trur det er snakk om forsvarsbygg tek feil, til tross for at skytefelt på Dovre og slikt skal førast tilbake til naturen. Det er ikkje snakk om turisthotell ved foten av Snøhetta. Ikkje limtrehus med panoramaglas og fancy, engelsk namn heller. Og ikkje turisthytta med namnet Reinheim, for den skal og få stå.

Nei, denne gongen er det Veslliesetrene frå 1800-talet Elvestuen skal ha bort, og det fort.

Reinen har vandra gjennom skytefelt og tåler E6, jarnbane, og turistar med og utan pilegrimsstav, men no er det desse gamle grå husa som er problemet. Og ikkje det moderne Viewpoint Snøhetta som ligg omtrent vegg i vegg. Er vegar, bruer og hus som bønder har bruk for verre enn vegar til turistanlegg? Da det vart gjort vedtak om å tilbakeføre Dovre til det det var før skytefeltet, kan vel ikkje det innebære seterhus frå 1800-talet?

I NINA-rapport 800 står det i eit vedlegg om menneskeskapt utvikling at Aura-utbygginga på 1950-talet er det største inngrepet og vidare «En rekke andre begrensninger har senere fulgt, dels som følge av endringen av bruken av fjellarealene, hvor den tradisjonelle høstingsbruken har avtatt, mens fritidsbruken av fjellet har økt.» Det må vel bety at endringane mot fritidsbruk er til det verre for reinen? Ta dykk tid til å studere trekkrutene til reinen inntegna på kart. Eg greier i alle fall ikkje å sjå at det er setrene som er problemet her.

Ja, det har skjedd endringar av bruken av fjella over alt og det er da bra at folk har glede av å ferdast i fjellet. Men det må ikkje bli slike resultat som dette.

For Elvestuen er dette berre eit lite pennestrøk samanlikna med mykje anna han og regjeringa har fått gjennomført.

Vi har sett bildet av Venstre si stortingsgruppe, statssekretærar og statsrådar som står blant akryl-rev og raljerer og feirar at dei fekk radert ut pelsdyrnæringa. Eg trudde først dette var «fotoshoppa». Vi har sett bilde av Elvestuen som løftar opp og fram ulv, uten tilsynelatande å ofre dei som ber heim ihjelrevne lam ein tanke.

Venstre er vel ikkje større enn at han ba visst alle på gjebbursdagen sin, - kan ikkje nokon av dykk ringje han og be han om la desse gamle seterhusa stå? Var det Herbjørn Sørebø som fortalte om «Eit ektepar frå Jæren var båe med i Venstre og sto soleis langt frå einannan politisk»? Så håpet er at det finst att av dei andre venstrefolka, - dei eg har hatt sansen for, som kan tala åt Elvestuen og dei andre i regjeringa.

Det lille vi har av matjord i dette steinlandet er for det meste egna til å dyrke gras. Og for å få til menneskeføde av dette graset må vi ha dyr. Før vi starta med import av store mengder mat og var avhengige av å berge oss sjøl, var vi også avhengige av å nytte fjellbeita. Det bør vi ha med oss også i dag. Det er miljø, bærekraft, økologi og alt det som flyboren mat manglar.

Er det dette tegnet på nøysomme tider og sjølberging som desse setrene representerer han Elvestuen ikkje likar?  Reinen går vel rundt seterhusa slik han alltid har gjort og dersom ikkje setrene står i fare for å ramle i hauet på rein og andre, må dei få stå. Det blir så ein lurar på kva kan det neste bli? Ja, for det er no ein ting berre det å kome på det!

 

Vindøla, 16.8.19

Tove Mogstad