header2

Rindal IL fotball:

Seier over Byneset

Rindals seniorlag i 5. divisjon, fekk sundag besøk av Byneset. Begge laga ligg på nedre del av tabellen, så det var veldig viktig å innkassera full poengpott for heimelaget. Forholda låg fint til rette, med sol og perfekt grasmatte på Rinnvollen.

Kampen opna friskt av heimelaget, som rulla opp det eine angrepet etter det andre. Både Sander L. Kattem, Roy Bolme og Jostein Landsem hade feite sjansar til å gjera mål utan å lukkast. Det skulle gå nesten førti minuttar, før det vart laga hol på byllen, og det var toppscorar Roy Bolme som klarte å setje ballen i mål, etter eit fint gjennomspel av Vebjørn T. Bævre. Bortelaget skapte fint lite i første omgang, berre eit skot på frispark i omgangens siste minutt kunne reknast som ein kvalifisert målsjanse. Pauseresultatet blei 1 - 0 til vertane.

Kva Byneset-trenaren hadde sagt til gutane sine i pausen vites ikkje, men det var eit heilt anna lag som kom på banen til andre omgang. Dei pressa heimelaget bakover på banen og produserte nokre gode sjansar, og det var ikkje heilt ufortent da dei utlikna etter eit kvarters spel. Heimelaget tok seg saman og rett etter avspark etter målet, gjekk dei rett i angrep. Ballen kom ut på kanten til Jostein Landsem, som krumma nakken og runda backen sin lett og la inn ballen til Sander L. Kattem, som sikkert sette ballen i mål! 2 - 1!

Etter dette vippa kampen litt att og fram, med eit ørlite overtak til heimelaget. Men ingen av dei framøtte skodelystne følte seg sikre på seier, så det var befriande då Jørgen Gjerstad dukka opp og sette ballen i mål rundt ti minutter før slutt. Då var saken klar; Heimelaget kunne cashe inn tre poeng, etter ei variabel forestilling! 

For heimelaget spelte Håkon S. Mikkelsen ein god kamp i Rindals midtforsvar, og får bestemannsprisen av TP denne gongen!

Kamfakta: Rindal IL - Byneset 3 - 1 (1 - 0)

Rindals lag: Anders Grytbakk, Håkon S. Mikkelsen, Martin B. Fjerstad, Jøran Heggem, Vebjørn T. Bævre, Jostein Landsem, Jørgen Gjerstad, Edvard B. Fjerstad, Harald Røen, Roy Bolme og Sander L. Kattem. Benytta innbyttarar: Brage Storholt og William Mesgun.

harald går på.JPG
Harald Røen pressar!

roy på tur gjennom.JPG
Stor målsjanse! Roy Bolme på tur gjennom!

roy.JPG
Roy Bolme scora det første målet til heimelaget.