hvo 290819 2

Såg ingen nye grunnar for samlokalisering av Todalen og Stangvik

Hovudutvalet for Oppvekst sender ikkje samanslåingssaka til ny behandling i kommunestyret.

Det vart høg temperatur då Marit Granhus Langli (H) på førre kommunestyre la fram forslag om samlokalisering av barnehagane i Todalen og Stangvik.

– Vi sitt med ein tertialrapport der alle krever meir pengar. Ein einaste plass i rapporten førekjem det at ei eining skriv at dei, ved å gjere grep, kan spare store pengar. Det gjeld ei samlokalisering av barnehagane i Todalen og Stangvik.

–  Barnehagen med Evenshaugen går, ifølgje barnetala, ned med åtte barnehageungar, medan vi samtidig har seks ungar i barnehagealder Todalen, seier Langli, og fortsett:

– Det står svart på kvitt i tertialrapporten at vi kan kutte kostnader ved å gjere dette grepet, og når vi no er i denne økonomiske situasjonen kan vi ikkje la vere å gjere dei grepa einingane sjølve dreg fram, sa Langli frå talarstolen 20. juni.

Forslaget møtte sterk kritikk vart, mellom anna frå Einar Grønnes:

– Eg tykkjer det er merkeleg å komme med eit slikt forslag, når vi hausten 2018 freda Todalen, sa Grønnes, og fekk støtte frå partikollegaer, som Ragnar Halle og Bergsvein Brøske, som sa:

– For KrF og Sp sin del er det ikkje aktuelt å stemme for dette forslaget. Eg vil sterkt beklage om dette forslaget får fleirtal.

Forslaget i kommunestyret vart til slutt omgjort til eit oversendingsforslag, og vedteke mot 12 stemmer. Ap og H stemte for oversendingsforslaget, medan Sp, KrF, FrP og MdG stemte imot.
 

God stemning torsdag

Torsdag vart saka behandla i hovudutval for oppvekst, og kommunedirektøren si innstilling var slik:

1. Hovudutval for oppvekst tilrår for Surnadal kommunestyre at ei samanslåing av dei to barnehagane ved Todalen og Stangvik bør avvente situasjonen både når det gjeld barnetalsutviklinga, økonomisk effekt av tiltaket og eventuelt verknadstidspunkt i tråd med vedtaket gjort 13.12.18.

2. Hovudutval for oppvekst tilrår for Surnadal kommunestyre at dersom ei eventuell samanslåing skal skje før vilkåra i vedtaket 13.12.18 er oppfylt, skal samanslåinga først tre i kraft frå 01.08.2020.

Medan temperaturen var høg i kommunestyret i juni, var stemninga god og gemytteleg då hovudutvalet behandla saka.

Til sjuande og sist enda saka med samrøystes vedtak:

«HVO kan ikkje sjå at det er komme nye opplysningar i saka sidan handsaminga i desember 2018. Utvalet vedtek dermed at saka ikkje treng vidare behandling i kommunestyret.»

Sjølve diskusjonen på møtet var og prega av forsoning.

Utvalsleiar Rakel Polden (Ap) starta med å forklare sitt standpunkt, etter at ho stemte for oversendingsforslaget i juni.

– Eg var blant dei som stemte for forslaget, for prinsippet i saka er eg enig i. Det er to store område der vi driv dyrare enn samanliknbare kommunar, og det er helse og oppvekst. Skal vi ta ned noko på kostnadssida, må vi sjå på strukturane, sa Polden, og la til:

– Så eg stemte etter overbevisning i kommunestyret, samtidig som eg ser innvendingane som er komne, om timing og liknande - og som kommunedirektøren og har konkludert med i tilrådinga si.

Tove Mogstad (Sp) skjønte ikkje kvifor denne saka i det heile tatt kom opp i kommunestyret i juni.

– Vi har snakka mykje om oppvekstvilkår og bulyst, og så kjem dette opp som eit reint økonomisk spørsmål. Todalen barnehage oppfyller dei kriteria vi sette i desember 2018, og har to ungar fleire enn kravet vi sette, så dette blir ein omkamp for mykje, tykkjer eg.

Varaordførar Helge Røv støtta i utgangspunktet kommunedirektøren si tilråding.

– Det er det vi var samde om før benkeforslaget kom opp i kommunestyret. Ingen av oss i Ap-gruppa var førebudde på at det forslaget skulle komme i juni, og i og med at det var klart at forslaget om samlokalisering ikkje ville bli trukke, fekk vi gjort det om til eit oversendingsforslag, seier han.

Mali Hildrun Settem (KrF) slo fast:

– Til å vere uførebudde, tykkjer eg det var veldig rart at de vart samde om å støtte forslaget så fort. Kanskje det kan vere lurt å tenkje seg litt om før ein bestemmer seg om noko?

Settem fekk svar frå Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat, Annett Ranes:

– Eg tenkjer som så, at når forslaget kom opp som benkeforslag under eit kommunestyremøte, er det fornuftig å gjere det til eit oversendingsforslag - nettopp fordi ein då får tenkt seg godt om før ein behandlar det vidare.

– Når folk tek sjølvkritikk, som her, er det ikkje så mykje meir å seie. Det er vakse gjort, og vi gjer alle feil, sa Bernt Venås (Sp).

Utvalet konkluderte dermed at det ikkje er komme nye opplysningar eller argument i saka sidan desember 2018, og saka vil dermed bli sendt kommunestyret kun som orienteringssak.
 

Manglar 10-12 småbarnsplassar i barnehage

På møtet orienterte kommunalsjef for oppvekst, Astrid Mogstad Høivik, om mellom anna nytt frå barnehage- og skuleåret.

Forslaget til lovendringar i barnehagelova med forskrifter er ute på offentleg høyring med frist 13. november 2019. Regjeringa tar sikte på å komme tilbake til Stortinget med nytt lovforslag våren 2020.

I august 2019 vil retten til gratis kjernetid bli utvida til og å gjelde 2-åringar. Makspris for foreldrebetaling frå 1. august 2019 er 3 040 kroner.

Nytt av året er og ei plikt for kommunene til å tilby leirskoleopphald med minst tre samanhengande overnattingar.

Mogstad Høivik orienterte og om planane for ny skule på Øye, samt situasjonen rundt barnehageplassar

– Vi manglar 10-12 småbarnsplassar i Nedre Surnadal per dags dato. Det er areal vi manglar, vi har rett og slett ein desperat mangel på areal til barnehage, seier kommunalsjefen.