Søndag
Søndag Lett regn
19°
Lett regn
Lett bris
Mandag
Mandag Regn
10°
Regn
Flau vind
Jo Inge Nes Stangvikfestivalen 2018

Programslepp for Stangvikfestivalen

Etter mykje fram og tilbake bestemte styret i Stangvikfestivalen seg for kort tid tilbake å gjennomføre årets festival. Vi var godt gong med planane da korona braut ut i februar, så det var lenge uklart om vi kunne gjennomføre. Men etter å ha skalert ned programmet, og tilpassa oss smittevernsreglane, er det med stor glede vi no kan presentere årets program. 

Festivalen går av stabelen fredag 31. juli og laurdag 1. august. 

Vi vil gjerne trekke fram Jon Balke, ein av Europas fremste jazzpianistar. Han har motteke «buddyprisen» og er kåra til «Årets jazzmusiker» for sin lange komponist og musikar-karriere. Han held solokonsert i bondehuset. Ein annan Internatinal kunstnar er Edith Lundebrekke, som har oppdrag og utstillingar over heile verda. Ho har utsmykka Noregs bank, norske ambasadar, utallige offentlege bygg og anlegg. Sist kjent for det nye torvet i Trondheim. Brøløy kjem sjølvsagt også, med Marianne Melly og Trygve Brøske. Det blir ikkje Stangvikfestival utan dem. Ein annan kjenning er Trio Alpakka, som har med seg Sangar Unni Løvlid, Jo Inge Nes på perkusjon og Trygve Brøske. Åpninga i årets festival blir gjort av ordførar Margrethe Svinvik, før Rasmus Rhode får med seg eit lokalt band som underhold store og små. I Stangvik kirke lørdag vil Sigrid Vetleseter Bøe med fleire gi oss ein konsert i ei av regionens flotteste konsert-kyrkjer. Og i den store finalen lørdag kveld vil vi treffe fantastiske Eir Inderhaug i samspill med resten av festivalmusikkarane, etter god gammal oppskrift. Her veit ein ikkje kva ein får, før det kjem servert. 

Stangvikfestivalen 2020 blir ein tett festival, med stor spennvidde. Dette er vårt varemerke. Så sjølv om Korona har tvunge oss til å skalere festivalen ned, håpar vi på å få til ein fantastisk festival. Konsertane i Bondehuset vil dessverre bli med ferre publikum enn før, så når billettene legges ut om få dagar, er det om og gjæra å væra rask. Men fortvil ikkje. Vi vil filme begge konsertane i Bondehuset, så dei som ikkje får tak i billett, kan sitta heime eller på hytta å få med seg konsertane. På Prestegarden og i Kyrkja er det større kapasitet. 

Så vi gleder oss til å treffes på Stangvikfestivalen 2020

 

FREDAG 31. JULI

 

Kl. 18.00 - Prestegarden

RASMUS OG STANGVIKFESTIVALENS VERSTE BAND

Rasmus Rohde opnar årets festival med barne- og familiekonsert.

 

Kl. 19.30 - Bondehuset

KUNSTUTSTILLINGSOPNING MED FESTIVALKUNSTNAR EDITH LUNDEBREKKE 

 

Kl. 21.00 - Bondehuset

JON BALKE OG FLYGELET // SYNDEN & GLEDEN med Unni Løvlid, Alpaca Ensemble og Stangvik-vikarar



LAURDAG 1. AUGUST

 

Kl. 14.00 - Stangvik kyrkje

KYRKJEKONSERT med Sigrid Vetleseter Bøe, Mira Dyrnes Askelund, Marianne Meløy, Alpaca Ensemble og fleire

 

Kl. 21.00 - Bondehuset

STORSTANGVIKKVELD med Eir Inderhaug, Brøløy, Sigrid, Jo Inge og alle dei andre



Tekst: Stangvikfestivalen