Lørdag
Lørdag Skyet
16°
Skyet
Svak vind
Søndag
Søndag Delvis skyet
19°
Delvis skyet
Lett bris

Annonse:

Program for Vårsøghelga 2018

Kleivakveld, Drivadebatt, Vårsøgtorg og Billagskonsert er mellom mykje anna det årets Vårsøghelg har å by på 25.-27. mai. Sjå programmet her!

FREDAG 25. MAI

Kl. 12:

"I gamle hatter bor det mye latter"

Speilsalen, Nordmøre folkehøgskule, Skei

Barnehagekonsert med Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen. 

Vi har  invitert barnehagane spesielt men så langt det er plass, er alle velkomne.

Fri inngong.

 

Kl. 13:

Henningtimen for 8. og 9. trinn

Storstuå, Surnadal kulturhus

Henning Sommerro inviterar ungdomsskule-elevar til ein annleis musikktime. Vi har invitert ungdomssklens 8. og 9. trinn, men så langt det er plass , er alle velkomne.

Fri inngong.

Henningtime 4.png

Henning og dei mange ungdomsskuleelevane... Arkivfoto.

 

Kl. 16:

Drivadebatten

Svorkasalen, Surnadal kulturhus

Årets Drivadebatt skal handle om nettvett med eit spesielt fokus på deling av nakenbilder. Debatten arrangeres i samarbeid med Norske Kvinners Sanitetsforening. Mia Landsem, kjent som «nakebildejegeren», kjem for å fortelje om sine erfaringar med å avsløre dei som deler bilder ulovleg. I panelet sit også Per Atle Stenberg frå politiet, helsesøster Heidi Elnes Fiske i Surnadal og skuleelev Benjamin Skålvik Rønning.

Fri inngong

 

Kl. 18:

Opning Vårsøghelga og utstilling med Vårsøgkunstnar Anne-Karin Furunes.

Foajeen og Finstuå, Surnadal kulturhus.

Kunstnarisk innslag med tubavirtuos Øystein Baadsvik

Kaffe og kake.

 

Kl. 21:

Vårløysing

Surnadal Billag, Surnadalsøra

Vårsøghelgas Billagskonsert blir ei vårløysing på det vakraste og villaste! 
Ikkje berre har FAMNTAK reunion, men kulturskulens 20-årsjubileum skal feirast med tidlegare elevar som no er godt etablert i norsk musikk- og kunstliv. 
FAMNTAK gjorde stor suksess med å sette tonar til tekstar av Hans Hyldbakk og Jørgen Gravvold m.fl. for ei tid sidan og vi gler oss til gjenhøyr med Trygve Brøske, Jostein Ansnes, Anders Larsen og Tone Søyseth Døving. Alle kvar for seg eminente utøvarar med eigne musikkarrierar. 
For å markere kulturskulens 20-årsjubileum har vi med oss låtskrivarane Jo Sverre Sande, Øyvind Hassel Weiseth og Hans Olav Settem, som òg kvar på sitt vis gjer seg bemerka i musikklivet i dag. Olav Nergård Tørset, Sondre Skogseth, Brage Kristian Einum og Jøran Normann i bandet er godt etablerte musikarar som på ingen måte skjemmer laget. Og ikkje nok med det; skodespelar Silje Botten og performancekunstnar Sigrid Fivelstad hengande frå taket får vi òg oppleva på konserten. 

Dørene opnar kl. 20

Snacks og drikke å få kjøpt.

Kranene stengar kl. 01.30, men vi held ope til kl. 02.00.

IMGP8178_690x460.jpg

Frå fjorårets Billagskonsert med mellom anna Fake Blews.

 

LAURDAG 26. MAI

Kl. 10-16:

Vårsøgtorg

Gammeldags torg med lokal mat og handverk

 

Kl. 13:

Fredsfilosofi i Kallas hus

Kallastua

Swami Sri Ananda Acharya (Baral), født 29. desember 1881 i Bengal, Britisk India, var en indisk filosofiprofessor, yogi og poet. Han kom til Norge i 1914, og bodde i Alvdal til sin død, fredsdagen 8. mai 1945. Sri Anandas hovudbudskap var vektlegginga på den indre, åndelege veg for å skape harmoni og fred.

Om programmet:

Bjørn Pettersen fortel kort om Barals filosofi.

Song og musikkinnslag basert på Barals tekster med komponisten Atmasukha Ananda og songaren Knut Stiklestad.

Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen i samspel med søskena Rohini Sahajpal og Rai Shankar Sahajpal.

Indisk «fredsdessert» og kaffe/te på billetten.

 

Kl. 15:

Boksøg

Biblioteket, Surnadal Kulturhus

Ove Røsbak er ein strålande forfattar og ein fantastisk forteljar, med minneverdig innsats på mange scener under Vårsøghelga. No får publikum sjansen til å bli nærmare kjent med forfattarskapen hans. Han stiller på Boksøg, og tar oss med på ei spennande vandring gjennom dikt, noveller, romanar, barnebøker, biografiar - med meir! Samtalepartner er Svein Sæter.

 

Kl. 18:

Kleivakveld

Kleiva, Skei.

Kleivakvelden er kjend for si gode, intime stemning og panoramaet til breibygda og fjella Hjelmane. Her sat bygdadiktaren og Kleivakongen Hans Hyldbakk og skua ned på bygda og fekk inspiarsjon av livet nede i bygda og ikkje minst utsikta.

Henning Sommerro og John Pål Inderberg er som vanleg musikalske konferansierar med glimt i auget. I år har dei med seg Ida Jenshus, singer/songwriter med Spelemanspris tross sine unge år.

Perikom trio med Karstein Mauset i spissen, forfattar Ove Røsbak og Øystein Baadsvik i samspel med Surnadal hornmusikk, spilder nye dikt av grunnskuleelevane våre og Kleivaprisutdeling av sjølvaste politimestaren i Møre og Romsdal, Ingar Bøen.

kjartan fløgstad og co.jpg

I fjor sto Kjartan Fløgstad på scena med Sommerro og Inderberg. 

 

Kl. 20.30:

Musiquiz

Gammelsamvirkelaget, Skei

Trerunders uhøgtideleg og artig musikkquiz med flotte premiar i samarbeid med Surnadal konseptutvikling (SKUV). Etablerte og nye lag er velkomne til å melde seg på. Påmelding gir fri inngong til Pianobar med Brage og Lisa etter quizen.

Påmelding til SKUV

 

Kl. 22.30:

Pianobar med Brage og Lisa

Gammelsamvirkelaget, Skei

Med Lisa Botterli Flostrand, song, og Brage Kristian Einum, piano, inviterar vi vårsøgpublikummet til pianobar for å synge med, synge åleine med pianoakkompagnement eller rett og slett berre vera sosial.

Snacks og drikke å få kjøpt.

Kranene stengar kl. 01.30, men vi held ope til kl. 02.00

 

SØNDAG 27. MAI

Kl. 15:

Blå koral

Stangvik kyrkje, Stangvik

Med utgangspunkt i norske folketonar og salmar har Iver Kleive og Knut Reiersrud lagt ein ny dimensjon til tradisjonell kyrkjemusikk. 

Opplev musikken frå den kritikarrosa trilogien; Blå koral (91), Himmelskip (96) og Nåde over nåde (06). Lat deg begeistra av mangfaldet, særpreget og det vakre i melodiane. Nyt kontrastane mellom det lågmælte nære og det valdsame sterke, framførd i spennande samspel mellom to av Norges framste musikarar. Duoen har appell i fleire musikalske sjangrar.

Opphøya orgelspel og jordnære gitarar. Fordomsfrie tolkningar av salmar og religiøse folketonar. "En sammenhengende musikalsk triumf" (Puls), "Fortjener de helt store lovordene" (Dagbladet), "Oser av kvalitet" (Adresseavisen). Spellemannprisen 1991.

 

Kl. 18:

Sevja stig i Svinvika

Svinvik arborèt

Hagekonsert med Engegårdkvartetten som framfører verk av Olli Mustonen og Edvard Grieg.

Engegårdkvartetten Kammermusikk-ensemblet er eit av dei mest ettertrakta i Norge. Kvartetten er kjent for sine mange modige og friske tolkningar av det klassiske repertoaret. Samtidig legg dei vekt på å markere sitt skandinaviske opphav.

Kvartetten har hausta internasjonal anerkjenning, og dei har vore med på å skapa gode og tette band med fleire ledande internasjonale utøvarar. Ambisjonen blir gjenspegla i svært varierte og rikhaldige konsertprogram.

Med seg på konserten har dei 5.- klassingane våre med «Give me 5- prosjektet» i lag med Anne Kleivset og Henning Sommerro. Synnøve Hammervold med fiolinelevar frå både Kulturskulen på indre Nordmøre og Sunndal kulturskule spelar slottar akkompagnert av Trond Larsen og Erik Moen.

Kafèen i Svinvika er open.

Svinvik hovedhus.jpg

Hovudhuset i Svinvika. 

Tips en venn Skriv ut