IMG_2835_1024x683

På rundtur i Åsskard

Ein opplagt gjeng frå Slektsforum for indre Nordmøre brukte laurdagen til ein rundtur i det som fram til 1965 var Åsskard kommune. Turen starta på Åsskardhøgda og gjekk ein svipptur ut til Flessa før han gjekk vidare innover til Bæverfjorden og oppover til Bøverdalen der Øygarden og Svorka var hovudattraksjonar. Slektforskarar støyter på mange ulike stadnamn i arbeidet sitt, og turar som dette gir liv til stadane som dukkar opp i gamle dokument. Sjå bilde frå den trivelege turen ved å gå inn i saka.

Det vart ein lang, men triveleg og lærerik dag for gruppa som deltok på turen i regi Slektsforum for indre Nordmøre. Eistein Bæverfjord og Lars Magnar Bævre hadde begge sporty stilt opp som kjentmenn- til glede for deltakarane på bussturen. Dei både informerte og underheldt, og emna var alt frå fakta om noverande og tidlegare bustader til artige historier og kulturhistorie knytta til plassane. Alt dette vil naturleg nok gjera forestillinga om stadane meir livaktig for dei som driv med slektsforskning når dei seinare dukkar opp i kyrkjeboker og andre gamle dokument. Og da er vel målet med turen nådd?  Ta ein titt på bilda frå turen under!

Alle foto: Lars Gudmund Røen

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!

IMG_2813_1024x683
Stopp ved Holten Treindustri.
IMG_2815_1024x683
Meir frå Holten Treindustri.
IMG_2817_1024x1536
Jan Magne Holten orienterer om historia til fabrikken.
IMG_2825_1024x503
Triveleg matpause i Bæverhall.
IMG_2829_1024x759
Glimt frå bussen.
IMG_2835_1024x683
Sightseeing ved Øygarden.
IMG_2843_1024x683
Mykje interessant å høyre om hus og folk i Svorka. Her: Stua til Brit.