bente og eva[1]

Oppmodar til å handle lokalt

– Dersom vi ønskjer å behalde dei lokale butikkane våre må vi bruke dei, i staden for å handle på nett. Held denne utviklinga fram grev vi vår eiga grav i små bygdesamfunn, seier Bente Krangnes Edvardsen. Også Eva Husby, dagleg leiar for Føniks vask og rens, er oppteken av bruk av lokale tilbod.

Konferansier under Surnadal Sparebank næringslivsdag, Bente Krangnes Edvardsen, heldt ei glødande engasjert innleiing, der ho oppmoda folk til å handle lokalt før det er for seint.

Edvardsen understreka kor viktig det er at folk oppmuntrar kvarandre til å tørre å satse på nye konsept og åpne nye butikkar. 

– Då eg starta opp leika eg i grunn butikk, medan det no handlar om marginar og utvikling. Folk må tenkje positivt og oppmuntre kvarandre, seier konferansieren og butikkeigaren.

Ho slo og eit slag for det å handle lokalt, sidan konkurransen frå nettbutikkar er større enn nokon gong. Edvardsen poengterte og viktigheita av å bruke andre lokale tilbod, som matprodusentar.

– Det er for seint å sjå alvoret i denne utviklinga etter kvart som tilboda og butikkane forsvinn. Vi må ta tak medan det framleis er liv i bygda.

bente krangnes edvardsen.jpg
Konerferansier Bente Krangnes Edvardsen.

Eva Husby er leiar i Surnadal næringsforening, og dagleg leiar i Føniks vask og rens, som ho og eig, saman med ektemannen, Leif.

Ho var første foredragshaldar på scena under næringslivsdagen, og ho fortalte ei variert og god bakgrunnshistorie både frå eige liv og frå Føniks vask og rens si utvikling.

Bedrifta, som i oppstarten gjekk under navnet Villy's rengjøringsservice, gjekk frå eit driftsresultat på minus 1,1 millionar kroner i 2007 til 400 000 kroner i pluss i 2008.

Husby fortalte at ho, både under finanskrisa i 2009 og generelt, har møtt velvilje frå både kommune, bank og kundar. 

– Sidan den gongen har vi gått i pluss, og vi har no sunn økonomi og eit godt fundament for vidare utvikling, seier Husby, som fekk god respons frå salen på foredraget sitt.

Ho fortalte om ein bransje som er prega av stor utvikling, men og at reinhaldsbransjen er den bransjen i landet med størst utskifting av tilsette. 

Per i dag har Føniks vask og rens 17 fast tilsette.

eva husby nær[1].jpg
Eva Husby er, saman med banksjef Allan Troelsen og konferansier Bente Krangnes Edvardsen, det lokale foredragsalibiet under næringslivsdagen.
 

eva husby oversikt[1].jpg
Eva Husby fekk god respons frå publikum onsdag.